|
AbrahamAbraham heitte eigentleg Abram, før Gud gav han eitt nytt namn. Faren
til Abram heitte Tarah, og Abraham hadde 2 brør: Nakor og Haran. Abram kom frå ur i Kaldea. Han gifta seg med Sarai, som ikkje kunne få barn. Tarah tok ein dag med seg Abram, Sarai og Lot, sonen til Haran, og ville
reise til Kanaan, men dei kom ikkje lenger enn til Karan, for her døydde Tarah. Gud sendte Abram på vandring, og han tok med seg Lot og Sarai. Då dei kom til Egypt, måtte Abram og Sarai late som dei var sysken, for
Sarai var så vakker, at ungkarar ville drepe for å få henne. Difor sa dei at dei var sysken. Farao i Egypt gav Abram og Lot mykje pengar, dyr, sølv og gull på grunn av utsjånaden til Sarai. Dette vart dei veldig rike
på. Men i eit syn sa Gud til farao at Abram og Sarai var gift, og difor måtte dei rømme frå Egypt med alt dei åtte. Dei reiste til Betel, men her skilde dei lag, for der var ikkje nok mat til alle dyreflokkane deira.
Ei tid etter dette gjorde Herren ei pakt med Abram: I eit syn sa Herren til Abram at han skulle få ein son med Sarai, og at han ikkje lenger skulle heite Abram, men Abraham. Abraham trudde først ikkje på det, sia
Sarai ikkje kunne få barn, men han gav seg fort då han forstod at Gud vart litt harm. Då Abraham var 100 år gammal, fekk han ein son som han kalla Isak, og han vart det kjæraste Abraham hadde. Ein dag skulle Gud sette
Abraham på prøve. Han bad Abraham om å ofre Isak. Abraham gjorde alt som Gud sa, men i siste liten sendte Gud ein engel som stoppa Abraham frå å ofre sonen sin. Abraham velsigna Isak, slik at slekta skulle førast vidare
under velsigninga. Sara døydde etter ei stund, og Abraham gravla henne i ei hole austafor Mamre i Kanaan. Etter at Sarai døydde, gifta Abraham seg med Ketura, og han fekk mange soner med henne, men desse reknar vi
ikkje med som arvingane til Abraham. Då Abraham var 175 år gammal, døydde han. Han vart gravlagt attmed kona si, Sarai, som låg der frå før. TILBAKE! SaraSara var kona til Abraham. Då ho var ung, var ho veldig vakker, så vakker at Abraham måtte
fleire gongar lyge om at dei var gifte, men han sa at dei var sysken. Ho hadde også ein god sans for humor. Då ho fekk vite at ho skulle få ein son, ho var over 90 år gammal då, flira ho hjarteleg, og trudde eigentleg
ikkje på det. Ho hadde bedt til Gud om å få ein son mange, mange gongar, men det skjedde aldri. Så det er lett å forstå at ho flira då ho høyrde at ho skulle få ein son. Eigentleg heitte Sara, Sarai, slik som Abraham
heitte Abram. Ho fekk namnet Sara, i samband med at ho skulle få sin eigen son. Men før dette skjedde, hadde Abraham fått ein son, Ismael, med Hagar, ei trælkvinne, og Sara var veldig misunneleg på at ho fekk ein son
før henne. Då Isak var nokre år gammal, fekk Sara vite at Ismael dreiv gjøn med Isak. Då kravde Sara at Hagar og Ismael vart drevne ut i øydemarka. Då Abraham måtte gje opp slekta for Gud, måtte Sara bli med han og Lot
på ferda. Og på dette tidspunktet er det klart at det var synd i henne. Ho måtte forlate slekta si, fara til ukjende plassar i tillegg til at ho var barnlaus. På denne ferda var Sara ein støttebjelke for Abraham, då han
trong trøyst. Ho var veldig pliktoppfyllande og gjorde det meste av det Abraham bad henne om å gjere. Men likevel var det nok ikkje lett for henne då dei møtte farao i Egypt, og Abraham måtte sei at dei var sysken fordi
ho var fager nok til å drepe ein mann for å få henne. Og då Abraham og Lot fekk mange gåver og rikdom av farao på grunn av henne, følte ho seg nokså lite verdsett. Gjennom sonen Isak vart ho stammor til ei stor slekt,
som spreidde seg over heile verda, som kalla seg Israelsfolket. Når vi først nemner Isak, så måtte det også ha vore ei stor påkjenning då ho fekk vite at Abraham skulle ofre Isak til Gud, sjølv om ho fekk vite det
etterpå. Ho hadde truleg aldri slept dei heimafrå viss ho hadde visst det før dei drog. Sara døydde 127 år gammal i Kirjat-Arba, det er i Hebron i Kanaan. Abraham gravla henne i ei hole på Makpela-jordet i Kanaan.
TILBAKE! IsakIsak var sonen til Abraham og Sara, og
han var alltid ein glad og lysten ung mann. Han vart omskoren då han var 8 dagar gammal, slik Gud hadde sagt til Abraham han skulle gjere.Og det var på grunn av Isak at Hagar og Ismael måtte forlate dei. Ein dag
skulle Herren sette Abraham på prøve: Han skulle ofre Isak, den einaste sonen sin. Det Isak fekk vite, var at dei skulle ut på øydemarka og ofre eit offerlam til Herren. Isak var nok heilt uvitande om at det var han
som var offeret. Han spurde faren om kor offerlammet var, då fekk han til svar at dei sikkert ville finne eit. Då dei kom fram til den plassen Isak skulle ofrast, ordna dei til bål og offerplass, og då Abraham la Isak
oppå bålet… tenk kva Isak måtte ha tenkt! Iallfall så gjekk det slik at då Abraham skulle til å stikke kniven i sonen sin, kom der ein engel og stoppa han. Engelen viste dei ein vær som stod fast i ein busk. Abraham tok
taua av hendene til Isak, og ofra væren i staden. Denne gongen måtte Isak ha vore kjemperedd, og tenk, hans eigen far skulle ofre han! Det vi får vite vidare, var at Sara (mora til Isak) døydde. Abraham ville ikkje at han skulle verte arvelaus, så han sendte ein tenar som skulle finne ei
kone til Isak. Tenaren reiste, og fann ei ung og vakker kvinne som heitte Rebekka, attmed ein brønn. Henne tok han med seg heim att, og det vart bryllaup. Isak fekk to sonar med Rebekka,
Jakob og Esau. Men Isak likte Esau best og ville gje velsigninga vidare til han. Men ved eit lureri, ga han velsigninga til Jakob. På sine gamle dagar vart Isak veldig svaksynt, og det var vel med å
påverke at han ikkje kunne sjå kven av sonene sine som var Esau. Isak døydde då han var 180 år gammal, og Jakob og Esau gravla han saman.
TILBAKE!
RebekkaRebekka var kona til Isak, og mora til Jakob og Esau. Ho var veldig sympatisk og forståelsesfull ovanfor Isak. Ho var òg veldig vakker og
lattermild då ho var yngre. Men på sine eldre levedagar, var ho med å lure Isak til å gje velsigninga til Jakob. Det er eigentleg veldig rart, syns eg, at ho berre kunne gifte seg med
ein mann ho aldri før hadde møtt. Men det var vel skikken på denne tida. Iallfall elska ho ektemannen sin veldig høgt, og var med han på det meste.  Det eg skreiv om Isak, var at han likte sonen Esau best. Det var motsett med Rebekka: ho likte sonen Jakob best.
Det var vel det som gjorde at ho hjalp han med å få velsigninga av Isak. Det som skjedde var at ho var med på å lure Isak, slik at Jakob fekk velsigninga. Det er jo eigentleg veldig dårleg gjort
av henne, for slik vi ser det i dag, skal ein jo elske alle borna sine like høgt. Men slik var det, i følgje Bibelen, ikkje her. Rebekka verkar som ei veldig lur og smart kvinne, men hop må jo samtidig
vere ganske sterk psykisk, sidan ho lurte ektemannen sin TILBAKE!
Jakob
Jakob var sonen til Isak og Rebekka. Han hadde òg broren Esau, som han etterkvart vart veldig dårlege venner med. Jakob var han som lurte til seg velsigninga av faren, Isak. Han og mora lurte Isak,
med å tru at Jakob var Esau. Dette var eigentleg ganske vanskeleg, for desse to brørne var heilt forskjellige. Jakob hadde ein ganske lys stemme, og hadde nesten ikkje hår på
armane. Esau hadde ei grov stemme og hadde mykje hår på kroppen. Det dei gjorde for å lure Isak, var at Rebekka slakta eit kje, og la skinnet på armane til Jakob, slik at han fekk hår på armane slik
som Esau hadde. Det gjekk akkurat, sjølv om Isak var litt i tvil då han høyrde stemmen til Jakob, men kjende hendene til Esau. Det gjekk iallfall bra for Jakob, men han oppretta med dette eit
fiendskap mot Esau, som naturlegvis vart veldig sint. Jakob måtte rømme heimafrå p.g.a. dette. Esau hadde trua med å drepe han viss han fekk høve til det.
Rebekka sendte Jakob til bror sin, Laban, og her vart han veldig forelska i dottera hans, Rakel. Ho var vakker og grei, akkurat slik Jakob ville ha henne. Men Laban ville "ha noko" for Rakel, så han sa
at Jakob måtte arbeide hos han i 7 år, så skulle han få henne. Jakob gjorde dette, men då fekk han Lea, søstera til Rakel. Laban hadde lurt Jakob. No måtte Jakob arbeide i nye 7 år, for å få Rakel òg (på
denne tida, var det vanleg å ha fleire koner). Det som skjedde vidare, var mykje komplisert. Sara kunne ikkje få barn, og ho vart veldig misunneleg på Lea. Jakob fekk mange barn
med Lea, og dette gjorde noko med Rakel. (Iallfall så er dette ei historie for seg sjølv, så eg skrive ikkje meir om det her). I alt fekk Jakob 12 soner, deriblant Josef og Benjamin. Esau og
Jakob var framleis uvenner, men likevel ville Jakob møta bror sin. Han sendte bod på Esau og gav han mange gåver. Ei natt Jakob var åleine kom der ein framand mann som begynte kjempe mot han. Då
han såg at han ikkje kunne vinna over Jakob, slo han hofteskåla til Jakob ut av ledd, og spurde kva han heitte. Han fekk vite det, og velsigna Jakob. "-frå no av skal namnet ditt vere Israel, for du har
stridt med Gud og menneske og vunne." (1.Mos. 32.28) Jakob møtte Esau nokre dagar etter dette, og dei vart forlikte på staden. Jakob døydde 147 år gammal, i Egypt. TILBAKE! EsauEsau var sonen til Isak og Rebekka.Det vi veit om han var at han var
veldig glad i å jakte. Han var også veldig pliktoppfyllande i forhold til faren sin. Jakob lurte velsigninga frå Esau, så det er jo eigentleg veldig lett å forstå angeren til Esau, så han trua broren sin med å drepe han.
Men det som ikkje kjem så godt fram, var at Jakob tok ikkje berre velsigninga frå han, men odelsretten også. Det var derfor med god grunn han hata bror sin. Esau var likevel veldig glad over å sjå broren
sin igjen mange, mange år seinare. (Det er vanskeleg å finne noko særleg om Esau, så eg har ikkje fått funne noko meir om han enn dette).
TILBAKE! Lea
Lea var dottera til Laban, broren til Rebekka, og ho var den eldste av henne og Rakel. Grunnen til at Laban gav henne til Jakob, i staden
for Rakel, er sannsynlegvis det at ho ikkje hadde nokon friarar. Eller ho hadde sikkert friarar, men sidan ho kom frå ein ganske rik familie, så ville ikkje Laban gifte henne bort til nokon som ikkje var så rike
eller velståande som dei var sjølve. Lea var den kvinna som Rakel var misunneleg på fordi ho fekk mange søner, med Jakob. Lea fekk 10 av dei 12 sonene til Jakob
(det står ikkje mykje opplysning om henne heller der eg leita, så det får halde med dette). TILBAKE! Rakel
Rakel var den eine dottera til Laban, søstera til Lea og kona til Jakob. Ho var vakker og livleg, alltid på plass viss nokon trengte hjelp. Men ho kunne ikkje få barn sjølv. Etter mange år med
bønn og håp, hørte endeleg Gud henne, og opna morslivet hennar. Slik gjekk det til at ho kunne få barn; ho fekk ein son med Jakob som ho kalla Josef. Rakel vart evig takksam til Gud då ho fekk sonen. Likevel ønskte ho å
få ein son til. Men dette skjedde ikkje før mange, mange år seinare. Denne fødselen vart så hard for henne at ho døydde ved fødselen. Ho fekk ein son, og Jakob kalla han for Benjamin.
Jakob gravla Rakel attmed vegen til Efrat, det er Betlehem. Gravesteinen hennar står der den dag i dag. TILBAKE! JosefJosef var den sonen som Jakob likte aller mest. Han var den eldste sonen Jakob fekk med Rakel. Han fekk pene ofte pene klede av
faren sin, og dette vart han misunnt for. Brørne hans likte han ikkje noko særleg p.g.a dette. Josef hadde mange rare draumar. For eksempel: Han drømte at det var 12 kornband, og Josef sitt
kornband stod i midten, mens korna til brørne stod i ring rundt han og bøygde seg for han. Denne draumen sa han til brørne sine, og han fekk skarp tilbakemelding. Dei spotta han og hata han endå meir enn før.
Ein dag brørne var langt borte og gjette dyra, ville Jakob vite korleis det gjekk med dei. Han sendte Josef ut for å finne dei, og han fekk med seg mat til dei på vegen.
Josef fann brørne, men då dei såg han komme, tenkte dei at no kunne dei gjere ende på han, sånn ei plage han var for dei. Dei snakka seg i mellom, og fann ut at dei skulle kaste han i den uttørka
brønnen. Dei gjorde så, og då dei såg at der kom ei karavane med seljarar, selde dei Josef til dei for 20 sekel sølv. Men det brørne ikkje trudde, var at Josef skulle bli nestleiar i Egypt.
Først kom Josef til Potifar, leiaren i Egypt. Josef fekk vere tenaren hans. Men kona til Potifar hadde eit godt auge med Josef, for han var både pen og velvaksen. Ho hengde seg på han og ville ligge med
han, men han rømde vekk frå huset. Då sa kona til Potifar at han hadde prøvd å ligge med henne, og ho hadde hylt og han hadde sprunge. Difor kom Josef i fengsel.
I fengselet var der ein bakar og ein skjenker. Desse hadde draumar, og Josef tyda draumane deira. Så hende det at farao hadde ein draum. Han skjønte den ikkje, og fekk vite om Josef i fengselet.
Josef kom og tyda draumen hans. Sidan vart Josef og farao venner, og farao satte snart Josef til styrar over Egypt. Etter ei tid, vart det naud i landet, og brørne til Josef kom til Egypt for å kjøpe korn. Josef
såg at det var dei, og bad dei komme til seg. Dei kjende han ikkje att, men etter masse om og men, sa han at han var broren deira, Josef. Dei trudde det ikkje. Han bad dei om å hente resten av
familien slik at dei kunne få bu i Egypt hos han. Josef levde nokre flotte år i Egypt, og han fekk mange soner som førte slekta vidare. Han døydde då han var 110 år gammal. TILBAKE! MosesMoses har ei litt annleis historie enn dei eg har skrive om før. Han
vart fødd i Egypt, akkurat på den tida då alle gutebarna skulle drepast. Mora til Moses sendte han i ei korg langs elva Nilen, som fòr forbi huset der dottera til farao var. Ho såg korga, og tok den opp.
Det hadde seg slik at ho ikkje kunne amme guten. Men søstera til guten kom og tilbydde henne å finne ei hebrearkvinne som kunne amme han. Difor kom han tilbake til mora si, som hadde han hjå seg
til han vart ganske vaksen. Då førte dei han tilbake til slottet, der han vart buande. Dottera til farao kalla han Moses. Moses la merke til korleis vaktene behandla slavane når die arbeidde, og han likte det ikkje. Han såg ei vakt som slo ein slave,
han gjekk bort og dytta vakta utfor ein kant, så han døydde. Moses vart redd, og rømde til Midjan, ein stad i ørkenen, der han held til attmed ein brønn.
Etter ei lang tid, døydde kongen i Egypt. På denne tida gjette Moses dyra til ein mann. Då han var ute og gjette, viste Gud seg for han som ein brennande torebusk. Moses høyrde ei stemme som sa: "Ta av
deg skorne. Du står på ein heilag stad!" Sammen med denne setninga, fekk Moses høyre kor hardt hebrearane hadde det i Egypt. Herren sa til Moses at han skulle føre dette folket til "det landet som
eg lovar deg". Dette vart starten på ei lang reise som varte over 40 år. Moses fekk med seg heile folket, men farao sine menn følgde etter dei. Då dei kom til Daudehavet, opna Gud sjøen så folket gjekk tørrskodd
gjennom. Men då farao sine menn kom, sleppte Gud vatnet tilbake att, så alle drukna. Etter dette vandra dei i ørkenen i 40 år. I desse åra hende det mykje
rart. Moses henta steintavlene med dei 10 boda på, folket laga ein gullkalv som dei tilbad, fordi dei ikkje trudde dei ville komme fram til det lova landet.
Men iallfall, dette skriv eg ikkje om her. Moses døydde rett før dei skulle gå inn i det lova landet, Kanaan. Moses var 120 år då han døydde, og Herren gravla han sjølv. TILBAKE! AronAron var storebroren til Moses, 3 år større. Han hadde andre
oppvekstvilkår, for då han vart fødd, trong dei ikkje å drepe gutebarna. Han vart sjølvsagt med folket då dei drog frå Egypt, og han gifta seg med Elisjeba, og fekk fire soner med henne. Då Moses
skulle gå til farao i Egypt for å få fri folket, sa Moses at Aron var talsmannen hans. "Eg veit at han kan tale," sa Moses til forsvar. Difor gjekk dei saman inn til farao, for å befri Israelsfolket. Aron var på ein måte Moses sin høgre hand. Han
var med han på alt, hjalp han når han trengte det, og sa alvorsord når det trengtes. Også då Moses skulle opp på Sinai-fjellet for å hente dei 10 boda, fekk Aron ansvaret over folket som skulle
vere igjen nede ved fjellrota. Sjølv om folket streika, og laga ein gullkalv som dei begynte å tilbe, klarte Aron oppgåva ganske bra. Moses vart veldig harm då han såg gullkalven: han
knuste steintavlene med dei 10 boda på! Og skulda på Aron, som unnskyldte seg med: "-vær ikke vred på meg, herre! Du vet selv hvor ondt dette folket er!" Aron døydde på Hor-fjellet, like før dei går inne i
Kanaan. Han vart 123 år gammal. TILBAKE! Josva
Josva vart fødd og vaks opp i Egypt, som ein av slavane for farao. Han var ein ypperleg militær befalingsmann, så det var nok ein av grunnane til at han var ein av dei 12 spanarane Moses sendte inn i
Kanaan for å undersøke forholda. Josva drog saman med ein mann ved namnet Kaleb, og desse to var forøvrig dei einaste personane over 20 år (ved utgangen av Egypt) som overlevde 40 år med
ørkenvandring, og som fekk kome inne i det lova landet. Josva vart på ein måte Moses si høgre hand, og hjelpte han med mange problem. Han vart med Moses då han gjekk opp på
Sinai-fjellet for å hente steintavlene med dei 10 boda. Og då dei kom ned att frå fjellet, opplyste Josva Moses om dei merkelege lydane langt borte, som seinare viste seg å vere song og dans rundt ein
gullkalv som folket hadde laga som ein avgud. Det var difor naturleg at Josva tok over som leiar etter at Moses var død. Sidan Moses hadde lagt hendene på Josva (velsigna han), var
han fylt med ei visdomsande som folket merka seg. Dei gjorde alt han sa. Ei av dei store hendingane i den store leiartida hans, var då Jeriko sine murar fall i hop. Jeriko var ein gammal og sterk festningsby,
som hadde høge, tjukke og sterke murar rundt seg. Murane fall ved at Josva sendte prestar, soldatar og paktkista til å gå rundt byen i 6 dagar, under sterk hornlyd. Den 7. dagen, gjekk dei sju gongar rundt
muren og på siste runda ropte dei så høgt dei kunne i tillegg til at dei spelte på horna sine. Murane sprakk og fall saman, slik at israelittane kunne hærta byen, så lett som berre det. Dette skjedde
truleg kring 1240 f. Kr. Josva opplevde mykje i livet sitt, og døydde 110 år gamal. Han vart gravlagt på heimstaden sin i Det lova landet.
TILBAKE! KJELDER:
Bibelen, Handbok til Bibelen, Internett og Bibelleksikon. |