Innleiing
Bibelhistorie
Kyrkjehistorie
Kyrkjesamfunn
Religionane
Filosofi
Vurdering
Aktuelt
Årsplan

Forfattarar:

10. klasse ved

Godøy skule

1999/2000

2002/2003

Redaktørar:

Åshild Støbakk

Bjørn Mannsverk

Svein Frøystad

 

Oppdatert september 2003

APOSTELEN PAULUS

10-5 f. Kr - 67 e. Kr.

Av Cecilie Alnes Dyb, 10. klasse

Paulus sitt liv og virke utanom misjonsreisene

Paulus si omvending

Paulus sine misjonsreiser

Paulus si første misjonsreise

Paulus si andre misjonsreise

Paulus si tredje misjonsreise

PAULUS SITT LIV OG VIRKE UTANOM MISJONSREISENE

Paulus blei fødd i Tarsus mellom år 10 og 5 f.Kr. i den romerske provinsen Kilika. Han var kjend som Saulus inntil si omvending.
Faren hans var av Benjamin si stamme og Paulus arva romersk borgarskap. Faren oppdrog Paulus som streng farisear. Han lærte gresk og arameisk som morsmål og hebraisk som bibelspråk. Under den berømte rabbi Gamaliel i Jerusalem studerte han sin religion, og han lærte teltmakarhandverket.

TILBAKE!

Paulus har skrive 13 brev, som står i Det Nye Testamentet:
Paulus sitt brev til romarane.
Paulus sitt fyrste brev til korintarane.
Paulus sitt andre brev til korintarane.
Paulus sitt brev til galatarane.
Paulus sitt brev til efesarane.
Paulus sitt brev til filipparane.
Paulus sitt fyrste brev til tessalonikarane.
Paulus sitt andre brev til tessalonikarane.
Paulus sitt fyrste brev til Timoteus.
Paulus sitt andre brev til Timoteus.
Paulus sitt brev til Titus.
Paulus sitt brev til Filemon.
 

PAULUS SI OMVENDING

Ca i år 35 var Paulus til stade som ein passiv, men samtykkande tilskodar då Stefanus blei steina til døde. Deretter "søkte han å utrydde Kyrkja", han leita etter kristne og overgav dei til fengsel og død. Då han var på veg til Damaskus for å drive forfylgjelsar der, blei han blind av eit plutseleg syn. Jesus Kristus fortalde han at han var utsett til å bringe den kristne tru til hedningane, til dei som ikkje var jødar. (Paulus si omvending blir feira 25. Januar.)

I Damaskus fekk han synet tilbake og blei døypt av Ananias. Paulus trakk seg tilbake til Arabia i tre år for å be i einsomhet. Så kom han tilbake til Damaskus, men etter tre år blei hans jødiske fiendar så truande at han måtte flykte. Han blei senka ned frå bymuren i ei tøykurv.

Han drog til Jerusalem "for å sjå Peter", og gjennom sin gamle bekjende Barnabas blei han ført til dei først skeptiske apostlane. Seinare motstod han Peter ansikt til ansikt på grunn av hans vaklande holdning i uenigheita om omvendte hedningar og jødisk lovoverholdelse. Dette skjedde i Antiokia, Austen sin hovudstad, kor Paulus var blitt kalla for å hjelpe Barnabas i hans evangeliseringsarbeid, etter først å ha preika nokre år rundt sin heimby Tarsus. Dette var begynnelsen til den store heidningmisjonen. Dei omvendte starta eit fond for å hjelpe den hungersrammande kristne meinigheita i Jerusalem, og Paulus og Barnabas fekk oppdraget å bringe pengane dit.

TILBAKE!

PAULUS SINE MISJONSREISER

Paulus var på tre store misjonsreiser frå omkring år 45. Den første, frå ca år 45 til 48, gjekk til Kypros og Lilleasia. Den andre, frå ca år 49 til 53, gjekk til Lilleasia, Makedonia og Hellas. Den tredje, frå ca år 52 til 57, gjekk til Efesos, Makedonia og Hellas. I kvar by preika han først i den jødiske synagogen, før han vendte seg til hedningane. Etter tolv år, i år 57, reiste han til Jerusalem, og hans tilstadeverelse der forsaka ein slik uro at han blei arrestert av den romerske kommandanten. Etter to år i hard fangenskap i Caesarea appellerte han som romersk borgar sin sak til keisaren sin rett og blei send til Roma. Undervegs leid han skipbrott på Malta, og kom til Roma i år 61.

TILBAKE!

Paulus si første misjonsreise

Det er hungersnaud i Judea og nyheita blir spreidd til dei kristne i Antiokia. Det må sendast hjelp dit. Barnabas og Saulus reiste tilbake til meinigheita i Jerusalem, og dei hadde med seg mange frå dei kristne i Antiokia. Dei kristne i Judea var svært takknemlege. "Det er kjærleiken til Jesus som bind oss saman", sa Barnabas. "Den gjer et vi kjenner oss som ein stor familie. Meningheita i Antiokia vil bringe evangelia enda lengre. Då Saulus og Barnabas kom tilbake til Antiokia, hadde leiarane i meinigheita halde faste og bøn. Den Heilage And hadde talt til dei og sagt: "Send Saulus og Barnabas ut i verda. Eg har kalla dei til ei bestemt oppgåve."

På denne måten fekk Saulus og Barnabas beskjed om å reise ut og forkynne evangeliet om Jesus til menneska. Dei tok med seg Markus, og den første reisa dei la ut på varte i eit år.

Først drog dei ut til kysten der Antiokia hadde si hamn. Der fann dei eit skip som skulle til ei øy som heitte Kypros. Barnabas kom frå Kypros, og dei bestemte seg for å reise dit.

Det budde nokre kristne på Kypros, og Saulus og fylgje hans reiste rundt i alle dei byane og besøkte dei. I ein by som heitte Salamis, gjekk dei inn i ei synagoge og fortalde om Jesus. Så reiste dei over på den andre sida av øya, til ein by som heitte Pafos. Her budde Sergius Paulus. Han var guvernør og den mest betydningsfulle mannen på heile øya. Då han høyrde budskapet om Jesus Kristus, blei han djupt grepa. Saulus, som no begynte å kalle seg Paulus, gjorde sterkt inntrykk på Sergius, og han ville gjerne høyre meir om Gud og hans budskap til menneska. Før Paulus reiste frå Pafos, var Sergius Paulus kome til trua.

Etter dette fylgde det ein dårleg tid og Markus reiste tilbake til Jerusalem. Paulus og Barnabas drog vidare. Dei reiste til Antiokia i Pisidia og gjekk i synagoger og fortalde om Jesus. Jødane vart interesserte og ville høyre meir. Dei strengaste blant jødane begynte å bli engstelige. Så Paulus ropte ut: " Viss dykk avviser Gud sin nåde, går vi til hedningane istaden. Herren sjølv har bede oss forkynne det glade budskap til menneska."

Dei ikkje-jødiske tilhøyrarane vart glade og begynte å tru på Gud. Paulus og Barnabas drog så vidare til Ikonium og så til Lystra. Etter dei hadde forkynt i Perge drog dei ned til Attalia. No var dei slitne og trøytte.

TILBAKE!

Paulus si andre misjonsreise

Paulus vil ikkje ha med seg Markus på denne reisa. Barnabas seier at han har blitt eldre og fornuftigare no. Men Paulus og Barnabas som alltid har vert gode venar, blir ikkje einige. Det blei ein stor strid mellom dei og til slutt reiste kvar for seg. Barnabas reiste til Kypros og tok med seg Markus. Paulus tok med seg Silas. Etter ei tid slo Timoteus og fylgje med dei. Desse tre fekk seinare fylgje av ein lege frå Makedonia.

Ei natt hadde Paulus eit syn. Han drømte at han såg ein makedonar som stod å ropte om hjelp. Paulus skjønte at Gud ville dei skulle reise til Makedonia og forkynne evangeliet der. Dei tok fatt på reisa med ein gong. Legen, som heitte Lukas, blei og med dei. Lukas skreiv og ned det som hende på reisene deira.

Paulus, Silas og Lukas tok første båt frå Troas over til Neapolis. Derifrå reiste dei straks vidare til byen Filippi. Det budde berre nokre få jødar i byen, og desse hadde ikkje nokon ordentleg møtestad. Etter at Paulus og medarbeidarane hans hadde vært nokre dagar i Filippi, gjekk dei ned til ei elv litt utanfor byen. Ein del jødar brukte å samlast til bøn der.

Det var ikkje berre gode ting som skjedde med Paulus i Filippi. Paulus og Silas blei kasta i fengsel, fordi nokon meinte dei prøvde å få dei til å fylgje skikkar dei ikkje kunne godta.

Den lille meinigheita i Filippi vokste. Alle var venlege og gode mot kvarandre. Dei sendte stadig pengar til Paulus slik han kunne fortsette å reise rundt å forkynne.

Paulus og Silas fortsette reisa. Dei drog gjennom byane Amfipolis og Apollonia og så kom dei til Tessalonika. Paulus talte i ein synagoge der og mange som ikkje var jødar tok imot dette budskapet. Jødane i synagoga blei sinte. Jødane fekk med seg ei heil folkemengde og storma mot huset til Jason. Det var der Paulus og Silas budde, men no var dei heilt forsvunne. Så Jason blei arrestert i staden. Han måtte betale ein pengesum før han blei sluppen fri.

Så snart det blei mørkt reiste Paulus og Silas til Berøa. Der gjekk Paulus i ei synagoge og forkynna. Mange trudde på budskapet. Så reiste han til Aten. Paulus begynte å fortelle om Gud. I synagogen forklarte han skriftene for jødane og for dei grekarane som bad til jødane sin Gud.

Etter at Paulus hadde vert nokre dagar i Aten, reiste han vidare til Korint. Denne byen var kjend som ein ond og grusom by. Men det var mange mennesker som blei glade for å høre om Gud sin kjærleik. Dei trudde på det Paulus forkynte dei, og enda ei meinigheit blei danna. Gud si kyrkje på jorda var i stadig vekst.

TILBAKE!

Paulus si tredje misjonsreise

Efesus var ein av dei viktigaste byane ved Middelhavskysten. Her budde det eit ektepar som heitte Akvilas og Priskilla. Og Paulus var ein velkommen gjest i heimen deira.Til å begynne med gjekk Paulus til synagogen i Efesus og talte til folket der.

Det blei så mykje styr i Efesus på grunn av at alle trudde på gudinna Diana, så han reiste vidare til Hellas.

TILBAKE!

Innleiing | Bibelhistorie | Kyrkjehistorie | Kyrkjesamfunn | Religionane | Filosofi | Vurdering