|
Apollon
Av Peter Austnes
Apollon er Lyset, musikken og sannetens gud. Han var sønnen til Zeus
og Leto, og han var tvillingbroren til Artemis. Før Apollon vart til, gjekk det føre seg noko voldsamt. Det starta med at Zeus laga ein kur til Leto. Hera var sjalu, og gjekk til dragen Pyton (som sikkert ikkje var god)
for å hente hjelp til å ta Leto. Pyton jaga etter Leto, og gav henne ikkje kvile. Rett før dragen tok henne, dukka Poseidon opp og redda Leto. Han hadde hørt om denne jakta, og ville hjelpe sin bror Zeus.
Ikkje
berre redda Poseidon Leto, men han skapte også ei øy der Apollon blei født. Han vokste fort, og var flink med pil og bue. Han drepte Pyton som før hadde jaga etter Leto med bua, og det var hans første bragd med den.
Apollon blei guden for spådommer, kunst og vitenskap. Han var flink på lyre, og han var også ein ypperlig sanger. Det som karakteriserte han, var at han alltid hadde ei krone av lauberblad på hovudet, pilkoggeret over
brystet, og han hadde på seg ei laus slengkappe. Han var også høg og slank, med ein praktfull kropp.
Han møtte ein del motstand gjennom tidene. Prinsesse Koronis, som var hans første kjærlighet, sveik han .
Apollon tok seg av sønnen Akslepois, og lærte han legekunsten. Det resulterte i at han vart ein enormt flink lege, som gjorde alle menneska i heile verda friske. Dette likte ikkje Hades noko særlig. Han klaga til faren
Zeus, som hadde som einaste mulighet å drepe Aklepois. Dette gjekk djupt inn på Apollon, og han vart aldri den samme etter. Det enda med at han sendte ut eit regn av piler som drepte kyklopene som hadde smidd Zeus'
todenkil og hjelmen til Hades.
Tilbake | Neste |
|