|
Athene
Av Marit Knardal
Livet til Athene vart til ved at guden Zeus gav liv til henne.
Athene vart nemleg født gjennom panna til Zeus, det vil seie at Athene berre har ein far og ikkje mor. Zeus hadde eit forhold til Metis, han fekk vite at han skulle få dottera Athene,
ho skulle få samme visdom og mot som han sjølv.
Og seinare skulle Athene få ein son som var enda visere enn han. Dette vart Zeus redd for, han var redd denne sonen kom til å ta frå
han trona, derfor slukte Zeus Metis.
Athene var gudinna for visdom og kunnskap. Ho var krigsgud, men like vel var ikkje ho så krigersk. Ho bestemte seg for å kjempe på
same sida som far hennar og kjempa mot gigantane. Ho vann kampen mot Egelados (jordskjelvguden). Athene bestemte seg for å vere ugift.
Myten fortel at ved eit tilfelle krangla Athene med Poseidon om byen
Athen. Dei bestemte seg for at begge skulle gi byen ei gave, og dei som gav best gave etter dei andre gudane si bedømming skulle vinne. Athene vann- ho gav oliventreet. Det var det første oliventreet i
verda og oppstod ein gang ho trampet i bakken.
Athene stod ved byens side og hjelpte menneskene. Ho vert ofte kalla som "Pallas Athena"- "ung datter"
Athene vart ofte omtalt som ho med dei gode rådene, det milde vesenet og den kloke bedømmingen.
Tilbake | Forrige | Neste |
|