Innleiing
Bibelhistorie
Kyrkjehistorie
Kyrkjesamfunn
Religionane
Filosofi
Vurdering
Aktuelt
Årsplan

Forfattarar:

10. klasse ved

Godøy skule

1999/2000

2002/2003

Redaktørar:

Åshild Støbakk

Bjørn Mannsverk

Svein Frøystad

 

Oppdatert
mars 2004

HERA

Av Anna Lena Nyvoll

Hera var Zevs søster og hustru. Dei gifta seg etter at dei olympiske gudane kom til makta. Dei gifta seg om våren, og brullaupet deira vart eit symbol på avl og vekst.

Klikk på bilete for å sjå større versjon av Hera!

Hera var gudinna for ekteskapet, spesielt gifte kvinner.
Ho straffa utroskap og vart sint på Zevs elskarinner og ville ta hevn på dei. For eksempel då Leto venta Apollon, og Artemis jaga  henne til øya Delos, og Leto vart forvandla til ei kyr. Ho var også Månegudinna.

Hera og Zevs fekk to barn saman, krigsguden Ares og ungdomsgudinna Hebe. Hera vart dyrka i Hellas, med ein seremoni som minna om bryllaupet til henne og Zevs. Dyrkinga vart spesiell i Argos, og Hera vart derfor byens beskytterinne.

Heras kjenneteikn er at ho ofte har eit diadem i håret.

Ein finn levningar frå Hera-tempelet på øya Samos, ikkje langt frå flyplassen og byen Pytagorion.

Tilbake | Forrige | Neste

Innleiing | Bibelhistorie | Kyrkjehistorie | Kyrkjesamfunn | Religionane | Filosofi | Vurdering