|
GODØYJENTE PÅ MISJONSSKULE - eit lite portrett av Maria Remmen Maria Remmen er ei 20 år gamal jente frå Gødøya. Ho bur ikkje her akkurat no, for i haust søkte ho seg inn på Santalmisjonen sin bibel og misjonsskule. Dette var ein skule ho
hadde høyrt mykje om både frå venar og slektningar, og ho valde seg inn på linja STK, som står for Studium Tverrkulturell Kommunikasjon, og som er ei interessant linje. Ho byrja på skulen i august i fjor og gjekk vanleg
skule til første veka i oktober. Då reiste ho saman med ni andre til Bangladesh, landet som ho hadde sett opp som sitt førsteval. Dei andre vala ho hadde var: India, Nepal, Israel og Uganda. Ho var 4 veker i byen Dhaka hos ein bengalsk middelklasse familie, for å gå på språkskule og lære språket bengali. Deretter kunne ho reise ut i feltet saman med ei anna
jente som heiter Kristin. Byen ho er i no, heiter Adumpur, og i den byen har dei verken telefon eller data. I den byen er ho på ein jenteinternatskule, eller ein kan kalle det ein bibel- og misjonsskule. Ho skal prøve å
fungere saman med jentene der. Skulen er eigentleg berre ein eittårig skule, men den har og eit eittårig grunnkurs. Der får dei som ikkje kan lese og skrive sjansen til å lære det. Ein annan ting er
at skulen forhindrer at jentene giftar seg for tidleg. Det er ingen misjonærar på skulen akkurat no. Alt er tatt over av santalane, og misjonærane som bur 2-4 timar unna treng berre sjå innom at alt er bra. Her ute på markene har Maria lært mykje som ho aldri før har prøvd. Blant anna har Maria lært å høste ris, lage mjøl, koke ris og karry, som er eit krydder dei et kvar dag. Ho har og lært å strikke og vaske
på santalvis. Men ho må innrømme at dansane som dei lærer er gøyast. Maria har og vore litt på ein klinikk i Adumpur. Sidan Bangladesh er eit fattig land, er helsestellet dårleg og på klinikken er det lite
utdanna personale. Klinikken i Adumpur Mission var den første klinikken som vart bygd, seinare kom Martha-Maria skulen. Den er 15 år i år. Resten av dei som reiste til Bangladesh er på andre skular rundt
om Dhaka eller er på barneheimar som vert drivne av Norad og Ungdom i Oppdrag. Det Maria gjer mest er å studere kulturen her nede. Maria kjem heim igjen 15. mars og då skal ho vere heime i ei veke før ho
reiser tilbake til skulen. Ho skal i ettertid reise rundt å fortelje om det ho har opplevd, og om korleis det er å gå eit annleis år. Kva ho har lært av dei som bur der og kulturen dei har. Sjølvsagt skal ho fortelje om
misjonen, det som ho reiste ned for å lære om. Av Marit K. Alnes |
|