Bolivia
Er landet der Alpakkaen bur(som er i slekt med kamelen).
Har også mange forskjellige typar blåseinstrument med mange forskjellige størelsar og namn.
Er hattane sitt land. Hattane viser kvar folk kjem frå. Desse kjem frå utkanten av La Paz.
Er kontrastane sitt land. Mange, svært mange lever i stor nød og fattigdom. 
Misjonen har mange forsamlingar i mange forskjellige byar og
landsbygder blant anna har dei ein Bibelskule som ligg i Sucre. Eg vil no presentere to stader som misjonen driv.a.: Kyrkja i Cochabamba.
b: DNS - Den Norske Skulen i Cochabamba.
Møtene som blei halde i kyrkja, var ikkje så mykje meir annleis enn slik dei blir halde her i Noreg. Folk møtte opp, så sang vi litt i lag (i ca. ein halvtime) så blei vi delt opp i grupper, dei minste på ei
gruppe, så dei mellomste på så ei ungdomsgruppe og dei voksne blei igjen i storsalen. Av og til laga kvinnene mat som dei selde til inntekt for kyrkja. Dei to vanlegaste rettane er PICANTE DE POLLO
(Sterk høne) og SOPA DE MANI (Peanøttsuppe).
Norsk Luthersk Misjonen driv også den norske skulen i Cochabamba. Der er få elevar og lærarar men likevel hadde vi det utruleg gøy/bra.
Sidan vi var så få elevar og lærarar fekk vi reise mykje oftare på
skuleturar. Ein tur eg huskar spesielt godt var turen som vi hadde til Jungelen som ligg i BENI-fylket. Der fekk vi blant anna vere med å sanke natur-gummi frå Kautsjuktreea, besøke ein paranøtt- fabrikk,
reise på krokodillesafari, og på ein tur til Cachuela Esperanza, vi fekk også besøke eit sagbruk og mykje anna. 
Vi feira også 17- mai der ute. Då samla alle misjonærane seg på ferieplassen. Der gjekk vi 17-maitog, åt mat og hadde leikar og
mykje anna. Nesten akkurat som her i Noreg(berre at det var varmt ute).. 
Julefeiringa var ikkje så mykje meir annleis enn slik som vi feirar det her i Noreg. Det eg huskar mest var at vi hadde ikkje snø og det kunne vere opp til 30-40 grader varmt kanskje meir.
Av Gunhild Knardal