|
|
 |
 |
 |
|
BAPTISMEN |
|
|
|
Ordet baptist kjem frå gresk og tyder å døype. Uttrykket vart eigentleg brukt i reformasjonstida som eit
skjellsord på dei som døypte vaksne ved å dukke personen heilt under i dåpsvatnet. No er det eit uttrykk for ei verdsvid kyrkje, som i Europa er samla i European Baptist World Alliance. Den første
baptistkyrkjelyden vart grunnlagd av nokre som hadde bakgrunn i Church of England på 1600-talet. Baptistkyrkja har 100 millionar medlemmer i 192 forskjellege baptistsamfunn i 140 land. Om lag to tredelar av
svarte i USA er baptistar. |
|
|
 |
 |
|
Baptistkyrkja trur:
- at Bibelen er Gud si openberra bok, og den normerande rettesnora for tru lære og liv.
- at innhaldet i den apostoliske og den nikenske trusekjenninga er uttrykk for sann tru.
- at Luther sine prinsipp i frelsesspørsmålet er rett oppfatting av frelsa.
- at menigheita, i fjølge det nye testamentet, er eit fellesskap av dei som gud har kalla ut av verda for gjere eit nytt Guds folk, det vil seie dei som har teke imot trua og latt seg døype.
- at dåp forutsett ei bekjennande tru, og markerar medlemsskap i menigheita. Som medlem vier ein livet sitt til å søke Jesus sitt sinnelag og vilje, saman og i samråd med menigheita.
- at tankefriing, ytringsfriing og trusfridom er menneskerettar som ikkje må krenkast.
|
 |
 |
|
Særpreg ved kyrkja Omgrepet fridom har
alltid hatt mykje å seie for baptistane. Dei kjempar for tanke- og ytringsfridom. Baptistane legg vekt på at Bibelen er den einaste heilt forpliktande autoriteten. Kyrkjesamfunnet har ingen skrifter ved sidan av
Bibelen; baptistane meiner det er fare for å redusere det kristne evangeliet dersom andre skrifter skal tolke det.Det personlege kristne standpunktet blir skapt i møtet mellom den einskilde og evangeliet slik ein
finn det i Bibelen. I det ligg ein stor personleg fridom og eit stort ansvar. "Ei fri kyrkje er ein fri stat" er eit gammalt baptistisk krav. Dei første baptistane her i landet miste arbeidet, vart bøtelage g
fengsla fordi dei praktiserte trua si. Baptistkyrkja er ei frikyrkje og har sjølvstyre uavhengig av staten. Kvar kyrkjelyd er ei sjølvstendig eining som samarbeider gjennom Det Norske Baptistsamfunn.
Dåpen Baptistkyrkja er ei evangelisk kyrkje. Det vil seie at ho arbeider for at menneske skal tru på Gud og la seg døype til Kristus. Den som kjem til tru på Jesus Kristus, skal la seg døype med full
neddukking i vatn. Det er ingen eintydig regel for kor gammal ein må vere for å bli døypt, men baptistane døyper ikkje småbarn. Baptistane trur at barna er Gud sine barn, og praktisere at barna blir tekne med til kyrkja
og velsigna . Vaksendåp
Dåpen vert oftast halden i samband med ei gudsteneste. Sjølve dåpshandlinga er lagd til eit dåpsbasseng i kyrkja. Pastoren og dåpskandidaten er kledde i kvitt. Pastoren går først ned i bassenget, les
nokre skriftstader og ber ei bøn, før dåpskandidaten kjem ut i vatnet. Den som skal døypast vert dukk heilt under vatn, i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Etter dåpshandlinga blir det bedt for den
døypte medan pastoren legg handa på hovudet til vedkommande, som då har vorte medlem av den lokale baptistkyrkjelyden. |
 |
 |
|
Nattverden Baptistkyrkja er ei
protestantisk kyrkje med røter tilbake til 1500-talet, og høyrer til den reformerte greina på kyrkjetreet. Det vil mellom anna seie at ho ser på nattverdsbrødet og nattverdsvinen som symbol på Jesu lekam og blod.
Nattverden er eit fellesskapsmåltid, der fellesskapet mellom Kristus og dei truande blir framheva. Alle som trur på Jesus, blir innbodne til nattverden- same kva kyrkjesamfunn dei høyrer til. Prinsippa om individuell
verdi og fridom har fått mange baptistar til å engasjere seg i samfunnslivet. Mange har gjort ein særleg innsats for menneskerettane. Den mest kjende er Martin Luther King. Han var baptistprest og leiar for
borgarrettsrørsla i USA, der han arbeidde for rettane til dei farga. I 1968 vart han skoten medan han leie ein stor demonstrasjon. Baptistkyrkja i Noreg I Noreg er det ca.
10.500 som er knytte til Det Norske Baptistsamfunn, av dei er 5.100 døypte. Det er 65 baptistkyrkjelydar i landet. Ei baptistkyrkje skil seg ikkje særleg frå andre kyrkjebygg, er ofte enkelt utstyrt og har fleire rom
for ulike aktivitetar gjennom veka. Kyrkja ønskjer å vere open, slik at alle skal kjenne seg velkomne til gudstenester og dei andre ulike tilboda. Ved gudstenesta møtast kyrkjelyden for å vere saman i bøn, forkynning,
dåp og nattverd. Forkynninga av Guds ord, song og musikk har ein sentral plass i gudstenesta. Det er ikkje nokon fast liturgi, presten har inga prestedrakt, og han eller ho preikar over ein sjølvvald tekst frå Bibelen.
Baptistane har eit sterkt misjonsengasjement, William Cary, far til den moderne misjonen, høyrde til dette kyrkjesamfunnet. |
|