Bibelen er øvste norma i
kyrkja. I spørsmål som gjeld truslære og etikk blir det dessutan også lagt vekt på tradisjonen og fornufta.To skrifter er særeigne for den anglikanske kyrkja. Det eine heiter: "The 39 Articles of Faith" og tek for
seg sentrale delar av læra og debattemne frå då kyrkja vart grunnlagt. Det andre skriftet heiter: "The Book of Common Prayer" og er ei bønebok.
Eit særpreg ved den anglikanske kyrkja er breidda og variasjonen både i
gudstenesteform og trusoppfatning. Her er det element frå den høgkyrkjelege og lågkykyrkjelege, frå konservatisme og radikalisme, frå det reformerte og det katolske.
Kyrkja si lære er evangelisk, mens forma, det vil
seie bruken av symbol, drakter, bøner og liturgi, er nesten som i den katolske kyrkja.
Læra om at Gud vart menneske i Jesus Kristus, og kom til jorda som eit lite barn, står særleg sentralt, noko som forklarar kvifor
jula har ei spesiell tyding som høgtid for anglikanarane.
Den anglikanske kyrkja i Noreg
Den første anglikanske kyrkja i Noreg vart bygd i Kristiania i 1884.
Den anglikanske kyrkja i Noreg har 2000
registrerte medlemmer. Så kjem alle dei som høyrer til kyrkja utan å vere registrerte, slik det er vanleg i heimlandet.
Ikkje alle som går i den anglikanske kyrkja er anglikanarar, men det engelske språket har dei
felles. Det er eit døme på kor romsleg den anglikanskje kyrkja er, eller "comprehensive", som ein seier det på engelsk. Den anglikanske kyrkja i Noreg høyrer med til det anglikanske bispedømet i Europa.
Den
anglikanske kyrkja har ikkje slike medlemslister som vi har i Noreg. Men alle sokna har lister over dei som har rett til å vere med velje sokneråd. For å stå på denne lista må ein vere minst 16 år og døypt, bu på
staden eller ha møtt jamnt i kyrkjelyden eit halvt år.
I den anglikanske kyrkja blir ein automatisk medlem når ein blir døypt. Sidan kjem opplæringa og konfirmasjonen. Det er vanleg at medlemsskapet varer
heile livet.