Innleiing
Bibelhistorie
Kyrkjehistorie
Kyrkjesamfunn
Religionane
Filosofi
Vurdering
Aktuelt
Årsplan

Forfattarar:

10. klasse ved

Godøy skule

1999/2000

2002/2003

Redaktørar:

Åshild Støbakk

Bjørn Mannsverk

Svein Frøystad

 

Oppdatert
mars 2004

Symbol/Møter/Sosial hjelp /Livsstil/Noreg/ Medlem?

Frelsesarmeen vart fødd ein midtsommarkveld i 1865, har grunnleggjaren William Booth fortalt. Han var metodistprest i England og hadde akkurat kome i gang med møtekampanje i eit av slumstrøka i London. Han heldt vekkingsmøte på ein nedlagd kyrkjegard om kveldane. Møteteltet var falleferdig, og då det bles ned, flytta Booth møta ut i friluft. Frelsesarmeen tok med andre ord til på berr bakke.

Frå denne kvelden fortalte Booth: "Eg kjende meg dregen til desse elendige menneska som syntest utan Gud og utan håp i verda. Her er plassen din, kviskra stadig ei stemme i øyret mitt. Eg gjekk heim og sa til kona mi: "Kate, eg har funne livsoppgåva mi:"

Menneska  som Booth møtte i Aust-London var fattige. Dei hadde lite mat og budde dårleg, og mange hadde eit stort alkoholforbruk. Somme hadde ikkje eingong klede til å gå i kyrkja på søndagar. Det var ikkje noko hjelpe apparat som fanga opp desse menneska.

Ekteparet Catherine og William Booth bestemte seg for å "føre krig" mot desse uverdige forholda.

Rørsla har vorte kalla "Army without guns", og arbeidet vart etter kvart bygt opp etter militært mønster. I 1878 tok dei namnet "The Salvation Army". Ekteparet var eldsjeler, og oppsøkte og hjelpte menneske i slummen og forkynte enkelt og folkleg. Verksemda spreidde seg fort frå land til land.

Catherine Booth spela ei viktig rolle for organisasjonen og vart eit førebilete for mange kvinner. Ho var ein engasjert personlegdom og tok del i arbeidet med  å forme rørsla. Ho blir kalla pionermora og armémora.

Ofte var William heime hos den store barneflokken medan ho var ute og talte.

"Mine beste menn er kvinner" er eitt av William Booth sine kjende sitat.

Arbeidet til Frelsesarmeen kan kort og litt forenkla summerast i tre s-ar: "soup, soap og salvation". Organisasjonen arbeider for heile mennesket fordi heile mennesket høyrer Gud til.

Symbol

Frelsesarmeen si helsing:
Frelsessoldaten løfter høgre hand over skuldra med peikefingeren retta opp. Dette er eit kjenneteikn og ei frelseshelsing som blir nytta av frelsessoldatar av alle rangar over heile verda. Helsinga minner oss om himmelen, og at vårt mål er å vinne andre for himmelen sitt rike. Helsinga blir fylgt av "Halleluja!"

Logoen til Frelsesarmeen fortel noko sentralt om organisasjonen. F-en i sentrum står for frelst for å frelse andre.

Frelsesarmeen sitt flagg:
Flagget sine tre fargar er raudt, gult og blått.

Raudt: (burgunder) står for Jesu blod.

Gult : (stjerna) talar om Den Heilage Ande sin eld.

Blått: (kanten) minner om sjela si reinsle når den er rensa i Jesu blod og døypt med Anden sin eld.

Krona: Krona er Frelsesarmeen sitt religiøse symbol og emblem. Dei enkelte elementa i krona refererar til grunnleggande ting i Frelsesarmeen si lære.

Frelsesarmeen sitt motto: "Blod og eld" vart opprinneleg tatt i bruk for å konsentrere Frelsesarmeen si "teologiske" lære til to kraftfulle ord som refererar til det mest tydingsfulle i den; Jesu blod og Den Heilage Ande sin eld.

Frelsesarmeen sitt trusgrunnlag er summert i elleve trusartiklar som tek utgangspunkt i Bibelen, og som Booth formulerte i 1878.

Dei blir òg kalla krigsartiklar. Hovudmomenta i artiklane er at ein trur på den treeinige Gud, på Jesus som sant menneske og sann Gud, og på frelse ved tru. Artiklane er gjort greie for i boka Frelsesarmeens troslære, som alle offiserane må love å lære og leve etter. Trusartiklane skil seg ikkje mykje frå anna protestantisk lære. Frelsesarmeen legg til liks med metodistane vekt på den personlege omvendinga og heilaggjeringa. Det vil seie å elske Gud og vekse i kjærleik til andre menneske.

Møter

Lokalet til Frelsesarmeen blir kalla templet. Der er det verken altartavle eller kyrkjeorgel, for menneska der skal vere levande altertavler, og horn- og strengmusikk erstattar orglet. Møta er ikkje bundne til faste opplegg. Tale, vitnemål, song og musikk med lett, glad tonesetjing har stor plass.

Det står ein botsbenk framme ved talarstolen i forsamlingslokala. Dit går dei som vil sanne syndene sine, be om kraft og nåde til å leve eit meir heilagt liv eller be for andre.

Frelsesarmeen legg ikkje vekt på sakramenta dåp og nattverd og brukar dei ikkje på møta. Det er vanleg å døype barna sine i andre kyrkjesamfunn. Nokre lèt seg òg døype som vaksne.

Sosial hjelp

Sosialtenesta bygger på det kristne menneskesynet som inneber omsorg for heile mennesket, synleggjort i fleire dimensjonar, den fysiske, psykiske, sosiale og andelege.

Alle menneske er like verdifulle, fordi mennesket sin verdi er given utanfrå, frå Gud, uavhengig av eigenskapar, ferdigeiter, kultur og rase.

Frelsesarmeen eig og driv mange sosiale institusjonar for foreldrelause barn, åleinemødrer, eldre, alkoholikarar og heimlause. Dei besøkjer fangar i fengsla, driv hjelpearbeid for lauslatne og deler ut mat og klede til fattige.

Frelsesarmeen finansierar arbeidet sitt ved frivillige gåver. Frelsesarmésoldatar med innsamlingsbøsser er eit kjent innslag i mange bybilete.

Arbeidet går ut på å leite etter sakna familiemedlemmer, slektningar eller nære venner. Over 75% av dei som er ettersøkte blir funne, og tenesta har løyst fleire saker som andre organisasjonar har gitt opp.

Livsstil

Armeen har utvikla ein livsstil med vekt på det enkle og nøkterne. Medlemmane held seg borte frå tobakk og alkohol, og dei heiltidstilsette i organisasjonen har låg løn.

Organisasjonen er bygd opp slik at medlemmane har tittel etter posisjon, slik det er i hæren. Vanlege medlemmar blir kalla soldatar, leiaren på staden offiser og den øvste internasjonale leiaren i organisasjonen general.

Armeen ventar sterk lojalitet og disiplin innanfor systemet, og medlemmane føljer eit kommanderingssystem som seier kvar dei skal arbeide.

Frelsesarmeen legg vekt på å vere ein synleg organisasjon. Derfor bruker dei uniform. Uniforma skal fortelje om den kristne trua og engasjementet.

Kvinnene har heile tida vore likestilte med mennene. Alle gradene, tenestene og funksjonane er opne for kvinner. Dei øvste lokale leiarane er ofte eit ektepar.

Frelsesarmeen arbeider i dag i 104 land og forkynner evangeliet på 160 språk. I Europa er det ein viss stagnasjon i arbeidet, men i fleire land i Afrika og Asia og i Australia og Canada er det framgang.

I 1991 sette eit norsk offiserpar i gang arbeid i Russland, eit arbeid som har blomstra.

Frelsesarmeen i Noreg

Frelsesarmeen kom til Noreg i 1888. Folk frå Frelsesarmeen i Sverige hadde på førehand drøfta korleis armeen skulle invadere landet. Åtte personar vart sette til å halde møter og legge planar, og det første korpset, som ein lokalkyrkjelyd vert kalla, vart opna på Grønland i Oslo i 1888. Dei neste elleve månadane opna det ti korps i landet.

På den tida hadde vi fattigstrok òg i vårt land, og det vart straks opna slumstasjonar i fleire byar. Stasjonane gav folk mat og klede og hjelpte dei på mange andre måtar. Allereie i 1890-åra vart det sett i gang misjon blant heimlause menn  i Kristiania.

Det vart ordna slik at når Frelsearmeen hadde avslutta kveldsmøta i møtelokala sine, rydda ein bort stolar og benkar og gav losji til dei heimlause. Om morgonen fekk alle brød og varm melk.

Frelsesarmeen driv i dag vel 100 institusjonar eller arbeidssenter i Noreg. Frå 1917 har dei drive arbeid blant døve, og etter nokre år vart dette utvida til arbeid blant blinde. I 1920 sette dei i gang arbeid blant dei som sit i fengsel.

Mottoet for korpset er at ingen som treng hjelp, skal visast bort.

I Noreg har Frelsesarmeen 122 korps med 8000 soldatar og 500 offiserar. Ca. 25.000 er medlemmar i ei eller anna gruppe i Frelsesarmeen.

Medlem?

Booth organiserte arbeidet som eit eige kyrkjesamfunn, men Frelsesarmeen i Noreg er enno ikkje eit eige kyrkjesamfunn. Her i landet er det derfor heller ikkje noko krav at nye medlemmar skal melde seg ut av den kyrkja dei er medlemmar av. I praksis fungerer likevel Frelsesarmeen som eit kyrkjesamfunn. Ein blir medlem ved å melde seg inn.

"Det er betre å tenne eit lys enn å forbanne mørkret"
Ekteparet Booth

Tilbake til innhaldsliste!

Innleiing | Bibelhistorie | Kyrkjehistorie | Kyrkjesamfunn | Religionane | Filosofi | Vurdering