Innleiing
Bibelhistorie
Kyrkjehistorie
Kyrkjesamfunn
Religionane
Filosofi
Vurdering
Aktuelt
Årsplan

Forfattarar:

10. klasse ved

Godøy skule

1999/2000

2002/2003

Redaktørar:

Åshild Støbakk

Bjørn Mannsverk

Svein Frøystad

 

Oppdatert
mars 2004

KVEKARANE

Vennenes samfunn

"Vennenes samfunn, kvekarane, er et religiøst samfunn som ut fra Jesu kjærlighetsbudskap og religiøs erfaring søker å fremme en open livsholning hvor den indre åndelige fordypelse og aktive omsorg for medmenneskene på det personlige, sosiale og mellomfolklige plan utgjør en helhet."

Slik står det i første del av kvekarane sine opplysningar om seg sjølv.

Vennenes samfunn er eit protestantisk kyrkjesamfunn som vart stifta ca 1650 i England av G. Fox. Rørsla spreia seg raskt i England, Irland og Nord-Amerika.

Kvekarane har ikkje noko presteskap, inga kyrkjelære og har ikkje dåp og nattverd. Høgare enn Bibelen, som lesast flittig, sett kvekarane "det indre lys". Du har sjølv ansvaret for å finne din eigen veg i di andelege utvikling.

Det gamle spørsmålet er ikkje kva andre kyrkjer, prestar eller truande har fortalt deg, men kva du sjølv seier ut frå ditt eige indre lys.

Ved gudstenesta er alle tause (silent meeting), den som kjenner seg kalla ved anden, kan tale, eller forblir ein stille.

Hjelpe- og utviklingsarbeid

Kvekarane er kjende for den sosiale og humanitære innsatsen sin. Dei er pasifistar og har alltid nekta å avlegge eid og å gjere krigsteneste. Vennenes samfunn driv hjelpe og utviklingsarbeid, særleg i utviklingsland. Dette er utan noko form for ledsagande misjonsarbeid, dels fordi det ville kunne vere til hinder for hjelpearbeidet, dels fordi kvekarane respekterar andre menneske sine religiøse oppfatningar for mykje til å ville endre på dei. Skal endring kome, må den kome innanfrå hos den enkelte.

For hjelpearbeidet sitt vart kvekarane i 1947 tildelt Nobels fredspris.

Talet på kvekarar i verda vert i 1990 åra anslått til ca 210.000, av dei 124.000 i USA. Det er elles mange kvekarar i England, Wales og Kenya.

I Noreg går kvekarsamfunnet si historie tilbake til 1818.

I 1997 var det fem menigheiter / andaktsgrupper med til saman ca 130 medlemmar.

Tilbake til innhaldsliste!

Innleiing | Bibelhistorie | Kyrkjehistorie | Kyrkjesamfunn | Religionane | Filosofi | Vurdering