|
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
|
 |
|
|
|
METODISTKYRKJA |
|
|
|
Metodismen starta som ei vekkelsesrøsle innan den anglikanske kyrkja, og gjekk over England frå 1730-talet og utover.
Vekkinga var leia av presten John Wesley. Ved sida si hadde han broren Charles, kjend som salmediktar, og vekkingspredikanten George Whitefield. John Wesley ønskte ikkje å stifte noko
ny kyrkje, men metodismen vart likevel forandra frå ei rørsle innan kyrkja til eit sjølvstendig kyrkjesamfunn.Det sosiale engasjemanget vart ein naturleg del av vekkinga. Det engelske arbeidarparti vart til på
eit av metodismen sine bedehus, og Frelsesarmeen vart grunnlagt av metodistpastoren William Booth. Vekkinga spredte seg til Amerika og då kyrkje og stat vart skilt etter
at England sitt herredøme var brote i 1783, var eit eige kyrkjesamfunn naturlig, og Metodistkyrkja vart organisert i 1784. Metodistane trur:
- at Bibelen inneheld alt som er nødvendig for å kome til tru på Gud, og ta imot Jesus Kristus som sin herre og frelser.
- at den apostoliske trusekjenninga gjev rett inntrykk for sann og kristen tru.
- at alle som angrar synda si og trur på Jesus, får syndenes forlating.
- at det er rett å døype barn fordi barna har del i den forsoninga som Kristus gjorde for alle menneske. Metodistkyrkja hevdar at dåpen i seg sjølv ikkje frelsar nokon. Kyrkja har difor også
medlemmar som er døypt som vaksne.
- at ein kristen menigheit bør bestå av personleg truande kristne og at kyrkja har sjølvråderett i førehald til staten. Alle er like velkomne til kyrkja, både ikkjetruande og truande.
- Metodistkyrkja trur ikkje at den er den einaste rette veg til sanning, men at den er ein del av Gud si stridande kyrkje på jorda. Difor rekkjer den hand til alle samarbeid med levande kristne i alle samfunn.
|
|
|
|
 |
|
|
|
Gudstenesta
Metodistkyrkja sine gudstenester har fått forma si gjennom innflyting
frå den anglikanske kyrkje si morgongudsteneste, kalla "Morning Prayer". Gudstenesta i metodistkyrkja er likevel meir fri i forma, med kombineringar av faste ledd, variasjonar og spontanitet.Nattverdsfeiring har òg
anglikansk bakgrunn. Metodistkyrkja sitt nattverdsbord er opent for alle som søkjer Gud i Jesu namn, også dei som ikkje er medlemmar. Kvar? Metodistkyrkja er ei verdsomspennande familie av kyrkjer,
beståande v vel 60 millionar menneske. Ho har størst utbreiing i områder utanfor Europa, særleg i USA, Chile og Kenya. I vår eigen verdsdel er ho i mindretal, med untak av Storbritannia, der medlemstalet i 1993 var ca
1.3 millionar. Alle kyrkjene er tilslutta metodistkyrkja sitt Verdsråd, "World Methodist Council". Den foreinte Metodistkyrkje er ei heilskap, og strekk seg frå menigheitane på det lokale plan, til generalkonferansen
på det internasjonale plan. Både menn og kvinner kan tenestegjere som ordinerte pastorar, tilsynsmenn og biskopar. |
|
|
|
Tilbake til innhaldsliste! |
|
|
|
Innleiing | Bibelhistorie | Kyrkjehistorie |
Kyrkjesamfunn | Religionane |
Filosofi | Vurdering |
|