Pinsevennane har ingen liturgi
eller fast møteform i gudstenestene sine. Hovudinnhaldet i møta er song, bønn og tale, i tillegg til nødvendig informasjon. Pinsevennane sine møter er prega av glede og spontanitet.I dei fleste pinsemenigheiter har
ein føremiddags- og kveldsmøter på søndagar. På føremiddagsmøtet er forkynninga i hovudsak retta mot dei truande, medan det i kveldsmøtet ofte forkynnast utfordringar om å omvende seg til tru.
I tillegg til
gudstenestene finnast det mange andre aktivitetar og samankomster.
Barnevelsigning og dåp
Pinsemenigheita døyper ikkje spedbarn, men praktiserar barnevelsigning. I eit offentleg
møte der familien er tilstades ber pastoren for barnet og velsignar det.
Pinsevennane praktiserar derimot dåp av truande. Den som vil bli døypast seier gjerne nokre ord til forsamlinga om korleis han/ho kom til tru,
og på denne kjenninga vert vedkomande døypt i eit offentleg møte i menigheita sitt lokale. I dåpen dukkast ein heilt under vatn eit øyeblikk som eit symbol på at ein begravast til det nye livet i Jesus. Ein blir ikkje
frelst i dåpen, men ein døyper seg fordi ein alt er frelst.
Pinserørla høyrer til den reformerte greina på kyrkja. Det kjem mellom anna til uttrykk i nattverdssynet: Nattverden blir rekna som eit minnemåltid om Jesu
død og oppstode.
Tungetale
Tungetale opplevde ein første gong på pinsedag i Jerusalem. Det kom eit brus frå himmelen, det såg ut som om eld sette seg på dei enkelte sitt hovud
og dei begynnte å tale i tunger, eller på andre språk som det kan omsettast med. Det er på grunn av dette at pinsevennane legg vekt på å forkynne bodskapen om pinsedag.
Mange ser på tungetale som noko merkverdig og
fanatisk som skjer når kristne kjem inn i ei religiøs transe eller ekstase. Mange forstår ikkje meininga med dette, men for dei som har fått del i dette er det derimot til stor hjelp.
Tungetale er ei nådegåve. Ei
nådegåve er ei spesiell utrusting som Gud gir somme kristne til bruk i kristenlivet. Det kan til dømes vere å lækje, hjelpe, styre, tale profetisk, tale i tunger eller tolke tungetale.
Tungetale er eit bønnespråk som
skal brukast i den personlege gudsdyrkinga. Det blir kalla også bøn med hjartet eller bøn med heile den indre personlegdommen. Tungetale er som regel urd å forstå for den som høyrer på. Dersom nokon taler i tunger når
andre er til stades, kan ein som har nådegåve til det, tolke talen.
Tungetale er noko som kjenneteiknar pinserørsla, men det er ikkje berre pinsevennane som praktisere det; ein finn det også i fleire andre
kyrkjesamfunn som til dømes hos lutheranarane og katolikkar.
Pinserørsla i Noreg
Begynninga til den norske og europeiske pinsevekkinga er i perioden 1907- 1910. Då kom pastor
T.B. Barratt tilbake frå eit lengre amerikaopphald, der han hadde fått oppleve å bli døypt i Den Heilage Ande og tale i tunger. Dette vakte stor nyskerrigheit i dåtidas Kristiania (Oslo),
og mange oppsøkte Barratt
sine møter. Det var inga tvil om at det var ei vekking, og i eit kristent blad stod det skrive at "alle er berørt av vekkinga."
Den første norske Pinsemenigheita vart grunnlagd 24.april 1908.
Kristiania (Oslo) vart
eit senter for pinsevekkinga i dei europeiske landa. Mange kom hit og vart inspirert og reiste tilbake til heimlanda sine og fekk mykje å bety for vekkinga der. T.B. Barratt var sjølvsagt svært aktiv i denne perioden.
Menigheitene og den enkelte kriste møtte mykje motstand. Barratt vart og rørsla hans vart angripen av ei rekkje viser og gjort til latter av religiøse fanatikarar. Barratt var sett på av mange som ein som hadde mista
forstanden, og mange kristne ville heller ikkje ha noko med han å gjere.