|
|
 |
 |
|
Hans Nielsen Hauge |
 |
 |
|
Innleiing
 Det var på
skulen han Hans treivst best. På våren og på hausten var han ikkje på skulen, for då måtte han arbeide. Til saman blei det 8-9 veker på skulen. Dei fleste lærte i alle fall å skrive og lese. Det var ein dag
presten kom på besøk, og då var det Hans læraren ville skulle lese for presten. Da han var ferdig spurte presten kva han heitte, Hans, hadde han svart, kva meir da? Hans Nielsen Hauge, sa Hans. Så du er guten til han
Hauge, ja, eg har høyrt om deg, du blir nok ein god prest ein gong du, ja. Kom opp til meg du på prestegarden, så skal du få sjå på bøkene mine . Ein dag drog han Hans opp til presten. Der tok presten i mot han og tok
han med inn til bokhyllene sine der det var 1000 bøker. Han fekk ta med seg ei bok heim så han hadde noko å lese på. Da tok han ei bok om martyrar. Då sa presten at det var eit godt valg. Ein dag då han var 13 år, så
skulle dei hente høy med båt frå naboøya, datt Hans på sjøen. Mens han heldt på å drukne, innsåg han kor farleg døden var og at han måtte vere sikker på kor han havna etterpå. Då han var nesten vaksen, var
han ute og ploga mens han sang og tralla. Så kom det eit lys ned på han og ei stemme som sa: "Du skal ikkje ha andre gudar en meg, Hans! Er du villig til å ofre alt du eig , Hans? Han nølte, men svarte: ja. Det
var då han fekk kallet sitt. Tilbake! |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Hauge i KristianiaEn
sommardag i 1796 kom Hans Nilsen Hauge til Kristiania for første gong. Møtet med hovudstaden må ha vore skuffande for den lille bondeguten. Det var ein småby på størrelse med Holmestrand. Husa var lave, forfallet
tydeleg og fattigdomen stor. Bak Akershus-ruinene hadde 8000-9000 menneske rota seg sammen. Mange av dei bodde i falleferdige rønner. På eit rom kunne det bo opptil 5-6 menneske som delte kjøkken med ein anna familie.
Møbleringa var enkel: Et par stoler, eit bord ei seng eller to. På veggen hang det kanskje ei klokke eller eit spegel. Maten var knapp og rensligheten dårleg. Ein vanleg familie kunne ha eit par bøker, ei salmebok og
Det nye testamentet. I utkanten av byen kom ein ny verden til syne. Der hadde enkelte rike borgerar slått seg ned og bygd staselege herregardar. Jonas Collett hadde gjort Ullevål til ein severdighet. Herregarden var
omgitt av en praktfull hage med fiskedammar og lysthus. På Frogner herregard regjerte Bernt Anker den rikaste ta dei alle. Han skraut over at han hadde 20 000 folk i sin teneste. På stallen stod der 20 stashestar. Så fin følte han seg at familiens undertøy måtte sendast til England for og bli vaska skikkeleg. Men det var ikkje byliv og klassemotsetning som i første rekke preget norsk kvardag for 200 år sidan. Av
landets 900 000 innbyggarar bodde 800 000 på landet. Det var bønder og fiskere, husmenn og gårdsarbeidere og ein hær av kvinner som fødde barn og stelte til dagar for store og små. Folket bodde spredt. Høge fjell og
djupe skogar skilte bygdelaga. Omkring byane fantast det nok enkelte kjerrevegar men stort sett måtte folk gå eller ri eller gå på ski eller reise med båt. Det hadde vere gode tider før 1880. Noreg viste seg og vere
rikare en mange hadde trudd. Det var sølv på Kongsberg og koppar på Røros. Vi hadde skogar og fossefall og rikeleg med fisk. Oppgangstida fikk ein brå slutt då Danmark-Noreg kom i krig med England og Sverige i 1807. Den
livsviktige kornimporten stoppet opp. Svolten banket på. I 1812 fraus dessutan kornet i juli måne. Barkebrødet blei redninga for mange. Tilbake!
Barne- Ungdomsår 1771-1796(oversikt) |
 |
|
|
1771: |
Født 3. april på Hauge gård på Rolvsøy. |
1784: |
Nær ved og drukne i Glomma. |
1787: |
Konfirmert i Tune kyrkje av kapellan Hammer |
1787-1794: |
Lensmannsdreng for broren Ole. Dreiv ellers med snikkararbeid, biavl, forpaktet jord, og salg av husdyr. |
1795: |
Arbeidet bl.a. som slaktarsvenn for madam Kruse i Fredrikstad. |
1796: |
Tilbake på Hauge gard. |
|
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Tilbake! IndustriHans Nilsen Hauge la mykje vekt på at både tid, krefter og pengar høyrer Gud til.
Når han gjekk langs landvegen brukte han å strikke. Det han strikka brukte han ofte å gi frå seg til framande folk. Og på Vestlandet og i Nord-Norge handla han med fisk. Han var veldig snill. Han hjalp vennene sine med
å komme i gang med handel og industri. På den måten fekk mange fattige ei fast inntekt. På slutten av 1700-talet blei det fart i industrireisinga i Norge. Hans Nilsen Hauge tok initiativet til fleire fabrikkar. Arbeid
er ein god ting som Gud har gjeve menneska meiner Hauge. Hans Nilsen Hauge skreiv mange bøker. Han skreiv bøker fordi at gjennom song og lesing hadde han fått ein brann i seg etter å lese Guds ord, særleg Det Nye
Testamente. Da han fortalde det til andre, vekte det oppsikt frå første stund. Mange begynte å kalle han ein kjettar, svermar, farisear og så videre. Dei skulda han for heilt urimelege ting. Han skreiv livshistoria si
heilt fram til han blei 25 år gammel. Hans Nilsen Hauge var med på å planleggje mange forskjellige organisasjonar. Han hadde kornhandel med skip i Bergen, papirfabrikk på Eiker og på Fennefoss, teglverk på
Eeg i Kristiansand, trykkeri og avis i Kristiansand, møller i Sunnfjord og i Strudsahavn ved Bergen. Solberg Spinneri ved Drammen er i drift i dag. Han vart satt fri frå fengsel for å bygge eit salt-anlegg.
Tilbake! |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
|
 |
|
|
|
LitteraturHan skreiv også mange bøker, etterkvart hadde han skreve 17 bøker med et opplag på ca. 200-250 000 eksemplar av bøkene. Han var landets mest leste forfattar ei lang stund. Hauge kunne ingenting om
rettskriving og om skrivereglar, men det hindra han ikkje i å skrive bøker. Han begynte å skrive bøker fordi det han sjølv song og las, gav han veldig lyst til å lese Guds ord. Andre som fekk høyre om dette, fekk også
lyst til å lese Guds ord. Hauge var den største forleggjaren i si tid. Hauge sørgde for at bøkene hans, og andre forfattarar sine bøker vart trykte.
Hauge skreiv blant andre desse bøkene : -eiga samlebok
-ei bønnebok -forklaring til katekisma
Hauge skreiv mykje , og ville drive misjon på denne måten. Han starta eit trykkeri i Kristiansand. Dette var for å få bøkene trykt fort. Etterkvart blei bøkene selt ikkje
berre i Noreg, og i Danmark. Hauge skreiv 35 bøker og hefte. Når han døydde var bøkene hans blitt trykt i ca.500 000 eksemplar.
Tilbake! OmvendingaNår Hauge var 25 år gammal, fekk eit kall frå gud. Han følte at det var bare han og Gud som var der. Og han bestemte seg for å gå å forkynne Guds ord. Når Hauge
fann folk som jobbet med Gardsbruk, hjelpte han dei, og litt etter kvart hadde han fortalt dei om Gud også. Og ved det var folk interessert i og høyre meir om Gud. Og Hauge inviterte folk til å komme i små forsamlinger
på ein gård eller i eit lite hus, som vart kalla eit "husmøte". Det vart mange folk som blei kristne etter husmøta. Og Hauge brukte tid og krefter på at andre folk skulle høyre det han hadde og forkynne.
Husmøte Hans Nielsen Hauge hadde mange husmøte. Han for frå bygd til bygd for å halde dei. Han visste frå konventikkelplakaten sa at det ikkje
var lov, men han heldt husmøte uansett. VekkingNår Hauge heldt husmøte, var det mange folk som blei kristne,og folk begynte å tru på Gud. Tilbake! ArrestasjonHans Nielsen Hauge meinte at alle som var kristne skulle få lov til å møtast kvar som helst og når dei ville. Hauge meinte også at det burde vere lov til å
forkynna Guds ord uansett om ein prest hadde gitt lov til det eller ikkje. Regjeringa i København hadde fått inn mange klager på Hauges fanatiske forkynnelse. Derfor ba kongen straks om å arrestere Hauge. Til saman
hadde Hauge no vore i arrest i 10 år. Ein av arrestasjonane skjedde nyttårsaften i 1798. Jacob.B.Bull har skreve om dette i ei bok. Der står det omlag slik: På nyttårskvelden var det husmøte i Hoen. Der
var dei beste og mest akta bøndene. Vinterstua var fullpakka av folk. Alle satt og venta. Lensmannen var alt komen sammen med presten. Då Hoen såg dei komme, skjønte han straks kva slags baktanker dei hadde. Han nikka
stilt til Hauge. Då gjekk han fram og sa kva salme dei skulle synge, så såg han seg om for å begynne, då reiste presten seg. Han lyfta handa "soknebarn" sa han med myndig stemme, "før vi gjer noko meir, ville eg gjerne
få lese opp for forsamlinga Den kongelege forordning av 3.jan.1741. Kanskje blir resten av dette møte overflødig."Han tok forordninga opp av lomma og tok til å lese. "Som de skjønar, er dette ei gudeleg forsamling mot
lova. Predikanten går heim og gå derfor frå kvarandre og kvar til sitt. Tilbake! |
|
|
 |
|
|
|
Teikningar
av 8. klasse frå Hans Nielsen Hauge! |
|
|