|
OPPHAV – GRUNNLEGGJAR:
Islam kjem frå Saudi Arabia (Mekka). Når dei ber, vender dei seg mot Mekka. Andre heilage byar er: Jerusalem og Medina.Grunnleggjaren var Muhammed, han levde frå 570 til 632 e.Kr. Han var bodberaren til
Allah. Muhammed var ein av dei siste i ei lang rekke profetar. Han er forbildet til alle profetar etter han. Muhammed fekk mesteparten av sine openberingar i 40 års alderen. Når han levde, budde han i Mekka. På den tida
var Mekka styrt av Kuraishstammen. Muhammed forkynte med sterk religiøs følelse. Til toppen av sida!HEILAGE SKRIFTER: Koranen - Den heilage boka til muslimane.
- 114 kapittel eller surer - Alt i Koranen er diktert av Allah til Muhammed - Nedskriven etter Muhammed sin død - Har absolutt autoritet og er ufeilbar - Arabisk - har aldri vorte endra
Islam godtek Bibelen som ei heilag bok, men Koranen er den siste og difor den mest verdifulle. Jesus var ein stor profet, men Muhammed er den største
profeten. I Koranen og i profeten Sunna er det reglar og historier som handler om korleis ein bør te seg. Reglane blir kalla Sharia. "Forbode for dykk er: Dyr som har døydd av seg sjølv, blod, gris, dyr
som er slakta i andre enn Allahs namn, dyr drepne ved kjøving, eller ved ein eksplosjon, eller ved eit fall, eller ved gjennomboring!! " Til toppen av sida!DET MEST SENTRALE I TRUA I: Kva trur muslimane om Gud?
Svar: Guden til muslimane heiter Allah, dei trur han er eineståande, kjærleg og rettferdig. Kva tyder ordet "muslim"? Svar: Ein person som aksepterer Islam kallast for ein muslim.
Har muslimane nokon forestilling om korleis verda har vorte til? Svar:Dei trur at det er Allah som har skapt universet. Kva lærer muslimane om livet etter døden?
Svar:At dei skal bli belønna med ein plass i paradis eller helvete. Korleis blir menneska frelste i følge islam? Svar: Ein må gjere så godt ein kan, og så får ein berre håpe på det beste.
Har islam ei truvedkjenning og i tilfelle korleis er ho? Svar: "Det er ingen Gud utan Allah, og Muhammed er profeten hans" Kva for eit syn har muslimane på Jesus?
Svar: Jesus er nest etter Muhammed den høgaste av profetane, altså ein profet. Til toppen av sida!DET MEST SENTRALE I TRUA II:
Muslimane trur at Gud er Allah. Allah er eineståande. Han er rettferdig, kjærleg. "Det gode" er det som Allah til einkvar tid vil - sjølv om det kan vere vondt for menneska. Allah kan skifte meining om det
passar han. Ein person som aksepterer islam, kallast for ein muslim. For å bli muslim, må ein tru på ein og berre ein Gud, Allah, og at Muhammed er Allahs siste sendebod. Ingen kan tvinge menneske til
å konvertere til Islam, for det er nødvendig at folk aksepterer Islam frivillig frå hjartet, utan tvang. Dei trur Allah har skapt jorda og at alle menneska stammer frå Adam, og at Adam vart til av jord. Dei som
handler rett og godt, får belønning i form av paradiset, uansett kva for ein rase dei tilhøyrer. Dei som gjer ugjerningar, får straff, og helvetet er skapt for dei.
Trusvedkjenninga: "Det er ingen Gud utan Allah, og Muhammed er profeten hans" Muslimane meiner at Jesus er nest etter Muhammed og at han vart
fødd av ei jomfru og at han kunne gjere under, men dei meiner det er blasfemi at han er Guds son. Til toppen av sida!
RELIGIONEN I PRAKSIS:
1. Muslimane ber til Allah i moskeen
2. Fredag er den heilage dagen i veka. Då går dei til moskeen for å be til Allah.
3. Dei 5 søylene er grunnlaget for livet til muslimane.
Truvedkjenninga - Shahada (Dei første orda barn av muslimske foreldre får høyre) Bøn - Salah (5 gongar dagleg vend mot Mekka) Faste Saum (Ramadanmånaden)
Almisse - Zakah (2,5% av inntekta etter at skatt og faste utgifter er betalte) Pilgrimsreise - Hadsj (til Mekka el. andre heilage byar - dersom ein har råd og helse.)
4. Festar og høgtider.
Id al-fitr - stor takkefest til Allah som gav dei koranen.
Id al-adha - fest når pilgrimane har avslutta reisa si.
5. Heilage byar: Mekka, Medina og Jerusalem. Fordi Muhammad foretok ei viktig reise frå Mekka til Medina.
6. Sunnimuslim og Shiamuslim er dei to ulike retningane innan Islam. Til toppen av sida! |
|