Jødedommen
Ulike
retningar innan jødedommen
Høyr Israel, Herren er vår
Gud. Herren er ein og du skal
elska Herren, din Gud, av heile ditt
hjarta og av heile di sjel og av all di makt.
Desse orda og boda som
eg gjev deg i dag skal du bevara
i hjartet ditt.
"Shema"
5.Mos6,4-9
Stikkord til jødedommen
-
Gud er ein - som har gitt livet i gåve til menneska.
-
Jødane trur at alle menneske er fødd med vilje til både
det gode og det vonde.
-
Det viktigaste er å finne ut kva som er Guds vilje med alle ting
på jorda.
-
Toraen skal rettleie og hjelper til å:
-
leve rett
-
finne moralske plikter overfor Gud og menneske
-
Når eit menneske døyr, vil Gud gi belønning for det
gode og straffe ein for det vonde. Men dei fleste jødar er lite
opptekne av kva som vil skje etter døden. Dei er meir opptekne av
å leve etter Guds vilje i dette livet .
-
Jødane ventar på Messias, jødekongen som skal innføre
det "Messianske riket"/ fred i verda.
Grunnlaget for jødedommen
finn vi i Det gamle testamentet (Lova)
GT eller Tanach - den hebraiske bibel er delt i tre:
-
Toraen - eller læra (Dei fem Mosebøkene) inneheld historia
til Israelsfolket
-
Dei profetiske bøkene
-
Skriftene - inneheld dei øvrige bøkene.
Talmud
-
Munnleg forklaring/tolkning av Toraen. Seinare nedskriven
ca.200 - 500 e.Kr. (MISJNA) Dette
verket er så blitt fortolka - og er blitt eit større verk.
-
Talmud er delt i to:
-
Haggada: Forteljande
legender og historier.
-
Halacha: Lover og reglar "om livet".
Ifølge jødedømmen fekk Moses
heile Toraen diktert av Gud på Sinai, der han skreiv dei ned i dei
fem Mosebøkene. Israelsfolket påtok seg der å følgje
Toraen sine 613 forskrifter generasjon etter generasjon.
Synagoge
Jødane sitt bedehus, kyrkje og skule.
Her held dei Gudsteneste.
Religiøse festar og helgedagar
Sabbaten - ein jødisk helgedag kvar veke. Han varer frå
fredag kveld til laurdag kveld. (Dei kristne held
sundagen som heilagdag då Jesus stod opp frå grava på
ein sundag)
Pesach - påskefeiringa til jødane.
Feirar utferda frå Egypt (Moses si tid) (Dei kristne feirer påske
på grunn av Jesu død og oppstode)
Shjavout - pinse. Festen til minne om
at Moses fekk dei ti boda på Sinai. Det er også ein takkefest
for grøda.
Rosh hashana - nyttår (September
eller oktober). Skal minne om at Gud skal
halde dom over dei gode og vonde gjerningane mennesket gjer.
Jom kippur - den store soningsdagen. Alle
som kan, er i synagoga for å be Gud om tilgjeving for alt det gale
dei gjorde i året som gjekk.
Sukkot - lauvhyttefesten. Festen for fridom
og glede.
Hanukka - lysfesten med song, dans og
gåver. Til minne om at jødane i år 164 f.Kr. reinsa
tempelet etter at syrarkongen hadde vanhelga det med bilete av den greske
guden Zevs.
Purim - ein fest til minne om dronning
Ester.
Tidsrekning
Jødane følgjer måneåret
- 354 dagar i eit år.
Annankvart eller tredjekvart år legg dei
til ein månad for å ikkje kome i utakt med årstidene
og solkalenderen.
Deira årstal i 1998 er 5758. (Rekna etter
kva tid jorda vart til etter jødisk tradisjon)
Den viktigaste forskjellen på kristendommen og jødedommen
er synet på Jesus. I følge jødedommen var han i beste
fall ein stor læremeister.
Ulike
retningar innanfor jødedommen
-
Dei ortodokse jødane
-
Dei hasidiske jødane
-
Dei konservative jødane
-
Reformjødane
-
Dei kulturelle, eller sekulære jødane
Her kan du finne meir om jødedommen:
Magnes
Lille Leksikon: Jødedommen
Høytider
i jødedommen og kristendommen
Jerusalem
- byen, symbolet og myten
MED
ISRAEL FOR FRED (MIFF)
Kvasir:
Religion og filosofi: jødedom
Statistiskordbok