Nyreligiøsitet med rot i religionar frå Austen
Kort om: buddhismen hinduismen  Oppgåver: buddhismen hinduismen  Retningar innan buddhismen  

New AgeAsrtologi er sentralt i New Ages
New Age er ikkje ein eigen organisasjon. Det er eit samlenamn vi ofte nyttar når gamle og nye tankar frå fleire kulturar vert blanda og sette saman til ein religion. New Age er ikkje namnet på ein religion. Difor har ikkje New Age nokon leiar eller stiftar. I staden er det mange religiøse retningar og mange religiøse leiarar i miljøet. Desse gruppene hentar impulsar frå buddhismen, hinduismen, frå austen sin religionsmystikk og frå okkultismen. Noko av det som er felles, er at alt vert sett på som ein heilskap, naturen, mennesket, verdsrommet og åndeverda. Det er vanskeleg å seie kva for grupper som kan reknast inn under begrepet New Age, men nokre nøkkelord er, alternativ medisin, astrologi, reinkarnasjon, ufo, positiv tenkning, personleg utvikling og yoga. New Age - religionar meiner det er noko godt og rett i alle religionar, men tek avstand frå kristendommen og islam der dei trur på ein Gud.

Transcendental meditasjon
Dette er utan tvil den nyreligiøe retninga som har fått flest tilhengjarar. Sjølv vil dei seie at transcendental miditasjon ikkje er ein religion, men ein teknikk for å motverke stress og spenning i kroppen. Maharishi Maharishi Mahesh YogiMahesh Yogi vart fødd i India i 1911. Han var elev hos ein indisk vismann eller guru, Dev. Maharishi meinte at han hadde fått guddommeleg oppdrag om å formidle læra til resten av verda. Teknikken - meditasjon - består i å konsentrere seg i djup ettertanke om det guddommelege. Nyårsafta 1957 skipa Maharishi rørsla for åndeleg fornying. Transcendental meditasjon er bygd på hinduismen. Tilhengjarane nyttar eit ritual som er laga for å tilbe hindiske gudar. Den innvigde får eit hemmeleg ord, eit matra. Dette tek ein opp att og opp att medan ein ved meditasjon konsentrerer seg om å slappe av i tankane. Målet er å oppnå "kosmisk medvit", der ein kan erkjenne det guddommelege i seg sjølv. Når ein vert innvigd, etter ei kort læretid, blir ein beden om å ta med seg eit kvitt lommetørklede, ein blome og ei frukt. Det kvite er symbolet på den reine sjela som vert fødd av guddommen, blomen er eit symbol på den enno sovande sjela og frukta er symbolet for gode og vonde gjerningar. Dette skal ein ofre framfor eit bilete av Guru Dev. Det vert gjennomført eit ritual på sanskrit. Oversett til norsk lyder nokre av setningane slik:
"jeg bøyer meg for Shankaracharya, frelseren, hyllet som Krishna og Barayana, for Brahmasutras kommentator, for Herrens herlighet, bøyer jeg meg igjen og igjen, for ham ved hvis dør den strålende forsamling av guder ber om fullkommenhet dag og natt......
-------
Jeg bøyer meg for Shri Guru Dev i Brahmas herlighet, Guru Dev i Vishnus herlighet, Guru Dev i den store Herren Shivas herlighet, Guru Dev som en personifikasjon av det høyeste. For ham, Guru Dev, bøyer jeg meg."

Scientologikyrkja
Scientologiane har kjempa for å verta anerkjend som ein religion. Motstandarane hevda at dei berre er ute etter pengar. Unge menneske vert tilboden personlegdomstest. Desse avdekkjer gjerne problem som scientologene gjennom kostbare kurs kan hjelpe til med å overvinne.
Læra kan best uttrykkast ved å beskrive dei mange typiske scientologiuttrykk som finst:
Thetan
Den menneskelege ande skifta kropp gjennom reinkarnasjon
Engrammer
eit resultat av konfliktfylte erfaringar som set spor i medvitet. Vi er ufrie vesen som vert styrt av desse engramma. Gjennom ein bestemt teknikk skal ein kunne slette desse engramma.
E-meter
Eit måleinstrument som skal kunne fortelje kva for område i livet vi bør bearbeide - behandle.
Clear
Stadiet der ein ikkje lenger er påverka av engramma sine, men er eit fritt menneske. Dit kan ein kome gjennom dyre kurs.
Oerating Thetan (OT)
Ei kursrekke (1-8) som følgjer etter Clear. Målet er å verte eit supermenneske.
Esteriorisere
Evna til å kunne fjerne sjela frå kroppen, ferdast fritt i universet og besøke andre planetar.

Hare Krishna
Krishna, den opphøgde GudHar sitt namn frå den mest populære guddommen i hinduismen, Krishna. Målet er å finne fram til det guddommelege i seg sjølv gjennom kjærleik til Krishna.
Grupper av munkar, kledd i karakteristiske indiske drakter, reiser rundt for å verve tilhengjarar.
Målet er å fri seg frå reinkarnasjonen. Dette skal skje ved å hengi seg til guden Krishna. Ein skal følgje frelsesvegen. Mellom anna ved å syngje "Hare Krishna......" hengir dei seg til Krishna.
Levereglane er strenge. Dei er vegetarianarar, avstår frå tobakk, alkohol etc. Synet på seksualitet er meget restriktivt, ein anbefaler å avstå. Seksualt samliv skal berre finne stad innanfor ekteskapet, og berre ein gong pr. år - i befruktningssamanheng.
 
Her kan du finn meir om nyreligiøsitet med rot i religionar frå austen:
 

  • New Age
  • Hare Krishna
  • Til toppen av dokumentet