Bahai
Bahai
vart starta av muslimen og imamen Bahaullah, som vart fødd i Iran
i 1817. Bahaullah meinte at han var komen for å openberra Guds vilje
for vår tid. Dette vart ikkje godteke i Iran. Han vart forføgd
og sett i fengsel. Seinare vart han jaga ut av Iran, og han døydde
i Palestina i 1892. Bahaullah vert kalla "den som er lova". Son hans har
tolka læra til Bahaullah. Frå 1957 har bahai vore drive som
ein internasjonal organisajon med eige råd. Alle religionane har
noko sant i seg, men dei har vore banebrytarar for den eine sanne trua,
bahai. Bahai vart starta av muslimen og imamen Bahaullah, som vart fødd
i Iran i 1817. Bahaullah meinte at han var komen for å openberra
Guds vilje for vår tid. Dette vart ikkje godteke i Iran. Han vart
forføgd og sett i fengsel. Seinare vart han jaga ut av Iran, og
han døydde i Palestina i 1892. Bahaullah vert kalla "den som er
lova". Son hans har tolka læra til Bahaullah. Frå 1957 har
bahai vore drive som ein internasjonal organisajon med eige råd.
Alle religionane har noko sant i seg, men dei har vore banebrytarar for
den eine sanne trua, bahai.
Bahai reknar alle profetar frå alle andre religionar til sine
eigne. Dei kallar Gud for Allah, den einaste Gud, høgt over alle
menneske og fatteevna til menneske. Bahai trur ikkje at Jesus var Guds
son, men ser på han som eit viktig førebilete.
Fred i verda og einskap mellom alle folk er det store målet for
bahai. Dei kjempar mot rasediskriminering og undertrykking på grunn
religiøs tru og krev full likestilling mellom mann og kvinne. Rusmiddel
er forbode, seksuallivet høyrer til ekteskapet og skilsmisse er
av det vonde. I eit av dei heilage skriftene står det: det viktigaste
er korleis ein lever og ikkje kva for ein religion ein høyrer til.
Bahai ønskjer å vere ein religion for menneske frå alle
religionar.
Bahai har omlag 3,5 millionar tilhengjarar. Flest i Iran, der dei er
utsette for forfølgingar. Bahai har fotfeste i dei fleste større
land og hovudsetet er i Israel. I Noreg er det omlag 500 tihengjarar av
bahai.
Her kan du finne meir om: