Slaget ved Karbala
Splittinga
kom klart fram då Ali vart valt til kalif 25 år etter Muhammed
sin død. Ali vart myrda i år 661 av sine tidlegare tilhengjarar.
Etter at Ali var død vart splittinga mellom shiamuslimar og sunnimuslimar
skarpare. Det var ikkje son til Ali, men Muawiya som vart valt til ny leiar
etter at Ali vart drepen. Hussain, son til Ali og barnebarnet til Muhammed,
var shiamuslim. Han byrja å ta kampen opp mot den nye kalifen. Shiamuslimar
i byen Kufa oppfordra Hussain til å slutte seg til dei, men så
langt kom han aldri. Då han og tilhengjarane hans var på pilgrimsreise
i 680, vart dei omringa av soldatar i ørkenområdet i Karbala.
Det var svært varmt, og heile følget var utan vatn. Etter
fleire dagar sa Hussain at dei som ønskte det, kunne forlate han
for å berge livet. Berre 72 av mennene pluss kvinner og barn
vart att. Den vesle flokken sloss tappert mot ein veltrena hær
på fleire tusen. Kvinner og barn som vart sparte, vart ført
frå by til by og vist fram saman med hovuda til dei drepne. Slaget
ved Karbala har fått ein sentral plass i shiaislam. Kvart år,
i månaden muharram, har dei ei sørgehøgtid. Feiringa
symboliserer kampen mellom det gode og det vonde.
Sunniislam (85 - 90%)
"Sunni" vil seie dei som følgjer den rette tradisjonen. Sunnimuslimane
meiner at etter Muhammed er det ingen som er peika ut av Allah. Dei legg
vekt på å følge læra og tradisjonane etter Muhammed
og dei fire første kalifane. Ingen har fått ein guddommeleg
rett til å tolke Koranen eller styre eit samfunn. Der finst ikkje
mellommenn mellom mennesket og Allah. Alle er like for Allah.
Shiaislam (10 -15 %)
Ein shiamuslim meiner framleis at Ali hadde fått ein guddommeleg
rett til å verta kalif. Difor er det menn frå slektslina til
Muhammed som bør vere øvste leiar for muslimane. I shiaislam
har ordet imam, meister eller førebilete, ei spesiell meining.
For ein shiamuslim ville det vore heilt utenkjeleg at Allah skulle la menneska
vere utan ein guddommeleg leiar etter Muhammed. Imamane held fram med å
få bodskapar frå Allah. Imamatet er læra om at det er
ei rekkje feilfrie menneske som kan formidle kontakt mellom Allah og resten
av menneskeslekta.
Det oppstod ganske raskt usemje om kven det var av Ali sine etterkomarar som skulle verta imam. Dette førte igjen til at shiamuslimane vart splitta i fleire ulike retningar. Den største av desse retningane kallast tolvslekta. Dei reknar med at det har vore tolv imamar rekna frå Ali. Den tolvte imamen har berre opptrått offentleg ein gong, og det var i gravferda til far sin, den ellevte imamen. Dette var i 874, og sidan har han levd i skjul. Men ein trur at han skal vise seg like før dommens dag. Fordi imamen er i skjul, har dei lærde, ayatollane, fått ei spesiell stilling. Dei har rett til å nytolke Koranen.
Sufismen - islamsk mystikk
på
800-talet oppstod det ei retning mellom muslimane i Midtausten som levde
som asketar. Ordet suf tyder ull og kom av den grove frakken som asketane
gjekk kledd i. Sufiane meiner at Koranen inneheld ei indre røyst,
ei løynd meining som ein ikkje får kjennskap til gjennom vanleg
lesnad. Sufismen handlar i stor grad om å tileigne seg denne løynde
kunnskapen. I tillegg til askese har kjærleik vore ein tradisjon.
Å gi uttrykk for sin kjærleik til Allah, gjennom til dømes
små dikt, kunne gi ei spesiell gudsoppleving. Mange rettslærde
muslimar meiner at sufismen ikkje er sann islam. Dette fordi sufiane hevdar
at kvart einskild menneske kan
sameinast med Allah på ein slik måte at det ikkje vert
nokon skildnad på skaparen, Allah, og den skapte, mennesket. Sufisme
er forbode i Saudi-Arabia og Tyrkia.
Her kan du finne meir om dei ulike retningane i islam:
Kvinner i islam
Islam - Den naturlige vegen