Dette
er den mest tradisjonelle forma for jødedom, og ordet ortodoks tyder
rett lære. Dei ortodokse har teke vare på dei gamle
rabbinske lovane og reglane.Dei skiller mellom kva som er mannen sine og
kva som er kvinna sine religiøse oppgåver. Kvinna har ansvaret
for heimen, borna, dei sjuke og gamle. Ho har og ansvaret for at spisereglane
vert haldne. Dei som held mest på dei gamle tradisjonane vert kalla
ultraortodokse. Dei blandar seg lite med samfunnet, og dei går vanlegvis
ikkje på offentlege skular. Dei legg stor vekt på Talmud og
Tora og kler seg gjerne på tradisjonelt vis. Dei ultraortodokse utgjer
berre eit lite mindretal av dei ortodokse jødane. Dei fleste held
seg til ei meir moderne form for ortodoks tru. Dei går som regel
kledde i vanlege vestlege klede, går på vanlege skular og deltek
i det vanlege samfunnslivet.Dei hasidiske jødane
På 1700-talet utvikla det seg ei spesiell retning blant fattige
jødar i Aust-Europa. Hasid tyder from. Dei hasidiske jødane
meinte det var viktig å få eit personleg forhold til Gud. Dette
kunne oppnåast ved å be ofte og oppriktig, lese i Toraen og
halde med kjærleik og glede dei reglane Gud hadde gitt menneska.
Det viktigaste var korleis ein levde.
Dei konservative jødane
Dei konservative jødane er dei som følgjer "den gyldne
middelvegen". Dei godtek at Toraen er gitt av Gud, men dei meiner det er
eit verk som menneska har skrive ned. Delar av Toraen gjeld for alltid.
Andre er knytte til tida bøkene vart skrivne. Då er dei ikkje
så viktig for livet i dag. Men jødiske skikkar og tradisjonar
bli respektert og følgd.
Reformjødedom
Reformjødedom eller liberale jødar meiner at både
Toraen og Talmud er inspirerte av Gud. Men sidan det er skrivne av menneske,
er det nødvendig å studere skriftene nøye for å
finne ut kva som gjeld for vår tid. Dei fleste reformjødane
bur i USA. Reformjødane har eit opnare fohold til samfunnet omkring
seg enn dei ortodokse jødane. Kvinner og menn sit saman i
synagoga, og menn og kvinner har dei same religiøse rettane og pliktene
under gudstenesta. Kvinner kan verte rabbinar.
Dei kulturelle eller sekulære
jødane
Dei kulturelle eller sekulære jødane legg
lita eller inga vekt på den religiøse delen av jødedommen.
Dei er jødar meir av tradisjon enn av tru. Den kulturelle og historiske
delen av jødedommen er viktig. Mange jødar i Israel i dag
ser på seg sjølv som kulturelle, og ikkje religiøse
jødar. Sjølv om mange ikkje held sabbatsboda eller matforskriftene,
feirar dei gjerne dei store høgtidene.
Her kan du finne
meir om dei ulike retningane innan jødedommen: