Retningar innan buddhismen
kort om buddhidmen   oppgåver til buddhismen   Nyreligiøsitet med rot i religionar frå Austen


To hovudretningar
Etter at Budda var død og læra hans spreidde seg, vart det diskusjon om korleis ein skulle forstå læra hans. Fleire splittingar kom som følgje av diskusjonen, men dei to hovudretningane blir kalla therevada og mahayana. Sjølv om det innanfor desse to retningane fins mange ulike syn på korleis ein skal tolke læra til Buddha.
Gutemunkar i karakteristiske gyle kapper
Therevada
Therevada er den strenge retninga som og vert kalla læra til dei eldste. Eit anna namn er den sørlege buddhismen fordi den spreidde seg sørover til Sri Lanka, Burma, Thailand, Laos, Kambodsja og det sørlege av Vietnam. Tilhengjarane av denne læra meiner dei følgjer den opphavelege læra til Buddha.Ein munk som tilslutt oppnår nirvana, blir ein arhat, ein helgen. I Thailand, der buddhismen er statsreligion, er det vanleg at alle gutar er nokre månader eller år i kloster. Då eig dei berre kappa si og ein risbolle. Alle som ikkje er munkar, kan forbetre karmaen sin ved å gi til munkane det dei treng.
 
Mahayane
Mahayane, den store vogna, meiner at alle menneske kan nå nirvana, ikkje berre munkar og asketar. Målet er å likne Buddha og bli ein bodhisattva, ein som står på terskelen til å nå nirvana, og som hjelper andre til å finne frelse. Denne retningen vert særleg praktisert i Kina, Korea, Vietnam, Mongolia, Japan og Tibet.

Den tibetanske buddhismen
Den tibetanske buddhismen, eller Vajrayanabuddhismen, byggjer på mahayana. Den øvste leiaren for denne retninga er Dalai Lama. Han er ein tulku, ein buddhistisk meister, som av medkjensle har gitt ein lovnad om å la seg bli fødd på nytt og på nytt for å hjelpe folk til å oppnå nirvana. Etter tradisjonen er han inne i sin 14. medvitne reinkarnasjon. I tibetansk buddhisme er det laga eit sett eller metoda for å oppnå nirvana. Desse kallast tantra eller vajrayana. Målet er å snu negative tankar og energi som hat, misunning og hovmot til noko positivt. Ved hjelp av vajrayanametodar kan ein nå fullkomen oppvakning i løpet av eitt liv, men det krev full innsats i nært samarbeid med ein lærar.

Zenbuddhismen
Leiar for zen-senteret i Oslo - Genro Seiun, OshoZenbuddhisme er først og fremst utvikla i Kina, Japan, Vietnam og Korea, men det er og stor interesse for zen i Europa og USA. Gjennom meditasjon prøver zenbuddhistane å opne sinnet for ei plutseleg oppvaking eller innsikt. I zen spelar meditasjon, stille meditasjon, ei svært stor rolle. For å lære å kople ut logikken og bruke intuisjon arbeider zenbuddhistane med spørsmål som "kven er eg?" Eit slikt spørsmål kallast koan. Eit anna døme på ein koan er: Alle kjenner lyden av to hender som klappa. Men kva er lyden av ei hand som klappa? Zenbuddhismen legg og vekt på at ein gjennom bogeskyting, fekting, judo, landskapsmåling og vakker handskrift kan utvikle større åndeleg innsikt. Meditasjon, fysiske teknikkar og haiku -dikt har stor verdi.
 
Døme på haiku-dikt:  

Tjuven let etter seg  
månen i glaset  

Frå Alan Watts:Zen-veien  
 

Sitje still    
Utan gjeremål    
Våren kjem   
graset kan vekse sjølv.    

Frå "Zen - forstand i uforstand"

 
Her kan du finne meir om dei ulike retningane innan buddhismen:
 

  • Mahayana - buddhisme
  • Livet til Dalai Lama
  • Zen - buddhisme
  • Til toppen av dokumentet