Introduksjon 

Dette undervisningsopplegget om verdsreligionane er berekna på 8.klassetrinnet i faget KRL. Tanken er at alle elevane skal få eit lite innblikk i dei fem store verdsreligionane. Elevane vel så ut ein av religionane som dei har lyst til å fordjupe seg litt meir i. Som fordjupningsreligion har eg valt å halde kristendommen utanfor. Dette avdi eg ynskjer at elevane skal setje seg inn i ein religion dei kanskje ikkje kjenner så godt til frå før.  Stoffet i oppgåva er henta frå diverse lærebøker for 8.klassetrinn samt noko tilleggsstoff frå andre bøker - sjå litteraturliste.

Korleis ein vil bruke oppgåva vert opp til kvar enkelt lærar.

  1. Ein kan la elevane arbeide seg gjennom dei ulike religionane på eiga hand ved at dei “blar” seg  igjennom sidene “Kort om ......”.
  2. Ein kan gå gjennom det mest sentrale frå kvar religion i samla klasse før elevane vel ut ein religion dei vil arbeide vidare med.
Tanken er at elevane arbeider i grupper når dei skal fordjupe seg i ein religion. Kvar gruppe lagar sin plakat der dei presenterer det dei har arbeidd med. Skal plakaten vere ein informasjon/presentasjon av religionen for dei andre elevane, er det viktig at dei tenkjer etter kva som gjer ein plakat god. Kva som skal til for at andre stoppar opp og gir seg tid til å ikkje berre sjå, men óg lese plakaten.  Skal elevane framføre noko for dei andre elevane, kan det vere i form av eit intervju, enkel dramatisering o.l.

Når ein arbeider med dette opplegget, er det enkelt å bla seg frå side til side. I margen til venstre er ei menyliste. Ved å “klikke” i denne blar ein til den aktuelle side. Ein vil og finne aktuelle "linkar" til den religionen ein les om. Desse finn ein øvst på sida eller inne i teksten. Eg har i tillegg til dette funne aktuelle "linkar" ute på nettet. Ein finn dei alltid nedst i dokumentet under teksten: “Her kan du finne meir om........”.

Heilt i botn av kvart dokument er det ein trekant/"target" som peikar oppover. Ved å klikke på denne kjem ein alltid til toppen av det dokumentet ein til ei kvar tid er i.

Til toppen av dokumentet

Undervisningsopplegget er laga av Synneva Vølstad - 1998.
PS! Dersom sidane ikkje ser så fine ut på din skjerm kan du gå inn å endra skriftstorleiken.