Buddhismen
Retningar
innan buddhismen Nyreligiøsitet
med rot i religionar frå austen
Ordtak frå
Dhammapada:
-
Lykka er samlinga
av gode gjerningar.
-
Hat kan aldri overvinnast
med hat. Berre kjærleik kan vinne over hat.
-
Den som lever sømmeleg,
blir lukkeleg i denne verda og i den neste
-
Det finst ikkje eitt
menneske som fortener berre klander eller ros.
-
Som ein formaner
andre, bør ein sjølv leve.
-
Arbeid først
med deg sjølv, før du gir råd til andre. Eit slikt
godt menneske vil ikkje bli skitna til.
Livet til Buddha
Prins Siddharta Gautama - seinare Buddha (den opplyste), vart fødd
omlag 560 f.Kr. i India.
Livet var rikdom og luksus. I følge ein spådom måtte
guten aldri få oppleve sjukdom og naud. Viss så skjedde, ville
prinsen, i staden for å bli den som rådde over verda, bli ein
fattig og heimlaus vandrar.
29 år gamal sneik han seg ut av palasset tre gonger. På
desse turane fekk han sjå:
Ein skjelvande olding
Ein sjuk invalid mann
Eit lik og ein sørgande familie
Etter dette byrja prinsen å undre seg over meininga med livet.
Fjerde gongen han sneik seg ut av palasset møtte han ein fattig
asket som såg glad og tilfreds ut. " Kunne ein bli fridd ut frå
meiningsløysa ved å leve i fattigdom?" Ei natt stod han stille
opp og forlet palasset. Han ville ut for å finna meininga med livet.
Buddha oppdaga
dei fire sanningane om liding:
-
Alt i verda er liding
-
Årsaka til liding er livstørsten
-
Lidinga kan stoppast ved å stoppe livstørsten.
Livstørsten og lidinga stoppar ved å fylgje den åttedelte
vegen.
Karma
For buddhistane er alt som skjer med oss, eit resultat av handlingane
våre. Vi må difor syte for å leve eit rett og godt liv.
Alt vi gjer eller tenkjer, blir lagra i undermedvitet. Seinare i livet,
eller når vi døyr, vil desse inntrykka kome fram som positive
eller negative opplevingar. Ved atterfødinga - reinkarnasjonen -
haustar ein fruktene av sitt/sine tidligare liv. Kvaliteten på dette
livet blir bestemt ut frå den karma ein har bygd opp ved hjelp av
gode eller dårlege gjerningar. " Det vi sår, vil vi hauste."
Gud
Buddhismen er den einaste av verdsreligionane som lærer at det
ikkje finst nokon allmektig skapargud. det fins gudar i buddhismen, men
dei har inga skapande eller frelsande makt. Buddha sjølv er heller
ingen gud. Gudane i buddhismen er ikkje anna enn menneske som på
grunn av godleiken sin blir fødd på nytt som gudar. Nett som
menneska på jorda er dei avhengige av læra til Buddha for å
nå nirvana.
Frelse
Ved rett forståing av menneskets situasjon (at dei er fanga av
karmalova) og ved å forhalde seg til dette på rett måte,
er det mogleg å sleppe ut av dette krinsløpet. Det betyr ikkje
at karma er avskaffa, men at ein blir fri frå den makta han har over
ein. Gjennom denne prosessen kan ein skape den gode karma og oppnå
nirvana. Dette er ikkje ei utsletting av sjela. Det er ei forvandling
av medvitstilstanden og kan oppnåast her på jorda. I åtte
punkt fortalde Buddha korleis ein kunne oppnå denne tilstanden.
Den som oppnår Nirvana blir Buddha. Buddha er ikkje ein gud,
men ein tilstand.
Den åttedelte vegen - vegen til
frelse
sjølverkjenning
Rett kunnskap - om karma og nirvana.
Rett sinnelag - gi avkall på alt som hindra oss i vegen til
frelse.
etikk
Rett tale - ikkje løgn, sladder, grove og nedsetjande ord.
Rett handling - ikkje stele, drepe, misbruke seksualiteten eller
opptre uansvarleg.
Rett liv - velje eit yrke som ikkje er skadeleg for andre
meditasjon
Rett streben - styrkje dei gode tendensane i livet.
Rett aktsemd - gjennom meditasjon leggje merke til korleis kroppen,
sinnet, tankane og kjenslene fungerer. Rett konsentrasjon - gjennom meditasjon
å nå fram til den endelege sanninga om livet og tilværet.
Kan då oppnå kjensle av fullkomen fridom.
Buddhistiske skrifter
Først etter omlag 150 f.Kr vart den munnlege læra redigert
og skriven ned av munkar på øya Sri Lanka.
tripikata - dei tre korgene
Korga med reglar
Samtalekorga
Korga med den høgaste læra
Retningar
innan buddhismen
-
theravada - den strenge retninga
-
mahayana - "den store vogna" som har plass til mange ulike trusretningar.
-
Vajrayanabuddhismen - tibetansk
buddhisme.
-
Zenbuddhismen - legg vekt på meditasjonsøvingar for
å roe sinnet.
Nyreligiøsitet
med rot i religionar frå austen
-
New Age
-
trancendental meditasjon
Her kan du finne meir om buddhismen
:
fortellingar
Kunst og estestikk
i buddhismen
Diverse pekere
til Buddhisme
Statistiskordbok