Hinduismen
Nyreligiøsitet
med rot i religionar frå austen
"som eit menneske legg av seg utslitne
klede og tek på seg nye, legg sjela av seg den slitne kroppen og
går inn i nye kroppar."
Bhagavadgit
(ein av dei heilage bøkene
til hinduane)
Kasten har alltid eksistert. Det er
ei heilag ordning som vi ikkje kan endre på.
Hinduutsagn
Hinduismen, indisk tru, har ingen stiftar, ingen profetar og
heller ikkje ei bestemt truvedkjenning. Ein legg meir vekt på det
å leve enn på kva ein skal tenkje.
Gud
Gud
er i alt. Overalt finest lokale guddommar, som er ulike former for den
same guddommen. Desse skal minne oss om Guds eksistens, den eine Gud som
står bak det heile.
Guddommen er som ei kraft som gjennomsyrer alle ting og alt levande.
Guddommen eller prinsippet heiter braman.
Ein slik religion blir kalla ein panteistisk religion. Hinduane trur
at universet går igjennom endelause syklusar av skaping, oppretthalding
og øydeleggjing.
Tre sentrale gudar som og kan vise seg i menneskapnad, er:
-
Brahma - skaparen. Herskar over alle skapningar.
-
Vishnu - skal halde verda ved like. Kontrollerer menneska sine skjebner.
-
Shiva - øydeleggjaren. Kilden til både det gode og
det vonde. Øydeleggjer alt liv, men er og den som gjenskaper nytt
liv.
Karma
Hinduane trur på karma, lova om årsak og verknad, der kvart
individ skapar sin eigen skjebne med sine tankar, ord og gjerningar.
Kastestellet
Dette er ei sterk drivkraft til å leve eit godt liv og ta vare
på seg sjølv. Men ein vil ikkje utan vidare hjelpe andre.
For liding er straffa for eit dårleg liv tidlegare.
Ein vert fødd inn i ei sosial gruppe/kaste og der må ein
leve heile livet. Frå gammalt av var det fire kastar:
-
prestekasten
-
krigarkasten
-
arbeidarkasten
-
tenarkasten
Utvida til 3000 ulike kastar ved århundreskiftet. Forboden ved lov
1947. Ein skulle ikkje gjera forskjell på folk ut frå kva kaste
dei tilhøyrde.
Frelse
Braman, verdssjela, er ei ubeskriveleg kraft. Ho verkar i heile universet.
For mange hinduar er menneskesjela, atman, ein del av verdssjela. Fordi
sjela til mennesket er fanga i kroppen, er ho bunden til å bli fødd
på nytt og på nytt - sjelevandring/reinkarnasjon. Dette er
ikkje av det gode. Målet er å bli fri frå kroppen og
frå sjelevandringa. Då går menneskesjela tilbake til
den åndelege verda. Sleppe atterfødinga og nå fram til
moksha. Berre ved å bli fria ut frå den materielle verda
kan ein koma unna sorg og smerte.
Vegar til frelse - tre ulike retningar
-
gjerningsvegen - gode gjerningar, offer til gudane og eit godt liv
-
kjærleiksvegen - kjærleik til og innleving i guddommen.
Tilbeding og eit personleg gudsforhald
-
sannkjenningsvegen - ein må forstå at menneskesjela
er ein del av braman og som finst i alt. For å verta eitt med denne
må ein meditera, drive med yoga og praktisere askese
Ei likning som fortel sameininga mellom atma og braman:
Ein lotusblome veks ved stranda av Ganges, den heilage elva. Ein doggdrope
renn sakte ned langs stengelen på lotusblomen og fell til sist ned
i elva og blir eitt med det mektige vatnet. På same måten lengtar
menneskesjela etter å bli eitt med verdssjela. Kvar og ein bør
leve slik at han eller ho kjem nærare det endelege målet: moksha,
utfriinga frå kroppen.
Hinduane trur ikkje at nokon bestemt religion lærer den einaste
rette veg til Gud. Alle ekte religiøse vegar er delar av Guds kjærleik
og ljos.
Det har vorte hevda at det einaste som er felles for hinduane, er at
dei ærar kua. Kvifor kua vert betrakta som heilag veit ein ikkje.
Kua er det levande symbol på Moder jord og kor gavmild ho er mot
mennesket. Kua er og eit symbol på livet og på ikkje - vald.
Heilage skrifter
-
Vedane - fire samlingar med religiøse songar. Dette er dei
eldste skriftene
-
Upanishadane - forklarer det religiøse innhaldet i vedane.
Det er her ideen om ein gud eller heilag kraft, Den Eine, vert utvikla.
-
Bhagavadgita og Mahabharata - Dei viktigaste bøkene i hinduismen.
Fortelingar om dei menneskelege eigenskapane ved guddommen.
Høgtider
Divali - nyttårsfesten - lysfesten
Kvar gud har sin dag som vert markert på ulik vis.
Nyreligiøsitet
med rot i religionar frå austen
-
New Age
-
trancedental meditasjon
Her kan du finne meir om hinduismen
fortellinger
Magnes Lille
Leksikon: Hinduisme
Hinduismen - Den frie religion
Diverse
pekere til hinduismen
Statistiskordbok