Joh.1.12
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Joh.3.16
"Den vesle Bibelen"
Då Gud skapte menneska, ville han at dei skulle leve i eit nært
forhold til han og leve saman i fred og harmoni. I staden valde dei å
snu ryggen til Gud, og det førte og til at dei byrja å leve
i ufred med kvarandre. Synda vart ein del av menneskenaturen.
Synd: Å bomma på målet, ikkje finne den eigentlege
meininga med livet.
Dersom Gud skulle utrydde all vondskap og alt elende i verda, måtte
han og utrydde menneska. Gud ynskte å finne ein utveg til å
berge menneska. Bibelen seier at av nåde vert vi frelst. Fordi
Jesus gav sitt liv for menneska.
Nåde: lat. "gratia" eller på norsk "gratis".
Andre har betalt for. Gud gav menneska ein ny sjanse. Mennesket vart
frikjend, ufortent.
Jesus
Utan Jesus ville det ikkje vore nokon kristendom. Jesus gjorde eit
djupt inntrykk på alle han møtte. Han lærte korleis
ein skulle leve i fred med kvarandre, hjelpa kvarandre og korleis ein skulle
tilgje kvarandre.
Sjølv
levde han slik han lærte, og var likeins mot alle - rike og fattige,
kvinner og menn, unge og gamle, sjuke og friske - viste dei same omsorg
og respekt. Mange år seinare inspirerte Jesu liv og lære dei
som laga fråsegna om menneskerettane. Jesus var eit medmenneske
heilt ut.
Alle dei fire evangelistane legg mest vekt på ei avgjerande veke
i Jesu liv. Frå palmesundag til første påskedag. Det
som hende, fortel oss kva som er sentrum i kristendommen. All liding og
vondskap i verda låg på Jesus på krossen. Då Jesus
ofra sitt eige liv, vann han over djevelen, og vegen til Gud låg
på ny open for alle. Jesus var sterkare enn både djevelen og
døden. Då Jesus brått stod mellom læresveinane
påskedag, hadde dei vanskar med å tru det dei såg - det
verkar uhøyrt, ulogisk og umogleg! I følge Bibelen vert mennesket
frelst ved å tru at Jesus døYde og stod opp att.
Frelse: "fri hals". Ein som var slave, fekk ei lenkje kring
halsen som teikn på at han ikkje kunne rå over seg sjølv.
Dersom han var så heldig å verte kjøpt fri, vart lenkja
teken av og han var ein "fri hals", frelst.
Den Heilage Ande
"Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette
seg på kvar ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den Heilage
Ande..... Apg.2,3-4
Før Jesus forlet læresveinane, fortalde han dei at han
skulle sende DHA. Han skildra DHA som talsmannen, advokaten, og trøysta
læresveinane med at DHA skulle gje dei kraft og styrke. Kyrkja lærer
at DHA framleis verkar i verda. DHA gjer mennesket i stand til å
tene Gud med heile seg. Kyrkjelydane veks, kyrkjer vert bygde, biblar vert
spreidde. Alt dette er eit resultat av krafta frå DHA.
Tru og tvil
"Eg trur at eg ikkje av eige vit eller eiga kraft kan tru på
Jesus Kristus, min Herre, eller koma til Han. Men Den Heilage Ande har
kalla meg til evangeliet....." Martin Luther - forklaring til den tredje
trusartikkelen.
I følge Bibelen er ikkje tru noko ein skal få til, men
tvert om noko ein skal få.
Evig liv
Tida kan vi tenkje oss som ei rett linje. Då Gud skapte verda,
skapte han og tida. Tida slik ho er no, skal vare fram til Jesus kjem att.
Gud sjølv er utanfor og uavhengig av tida.
Då Jesus sigra over døden, fekk mennesket lovnad om det
evige livet. Det evige livet byrjar allereie her på jorda. "Den
som høyrer mitt ord og trur på han som sende meg, han har
evig liv."
Det evige livet er ein tilstand av venleik, harmoni, fred, glede og
kjærleik. Når Jesus kjem tilbake, vert det vonde utsletta.
I himmelen skal der ikkje vere sorg, ikkje skrik og ikkje pinsle, og døden
skal ikkje vere meir.
"Like lite som barnet i morslivet veit om det skal verte fødd,
like lite veit vi om det evige livet"
Treeininga
Bibelen fortel om Gud på tre ulike måtar. Gud Faderen,
Gud Sonen og Gud Den Heilage Ande.
For å lettare forstå dette kan ein samanlikne situasjonen
til eit menneske. Ein mann kan vere både far, son og ektemann. I
kvar av desse situasjonane ter han seg ulikt enda han er ein og same person.
Slik har Gud kome til menneske på tre ulike måtar. Gud
er ein, men likevel tre.