Jehovas vitne
I 1831 forkynte ein predikant i USA at verda ville ta slutt og at Jesus
snart ville kome tilbake. Då dette ikkje skjedde, vart mange av tilhengjarane
rådville og fortvila. Forretningsmannen, Charles Taze Russel,
meinte
at Jesus var komen tilbake, usynleg, i 1875. Dette vart starten på
Jehovas vitne. Jehovas vitne trur ikkje at Jesus er ein del av ein treeinig
guddom. Jehova åleine er den allmektige Gud. Jesus er Jehovas første
skapning. Ein kan berre be til Jehova gjennom Jesus. Jehovas vitne meiner
at menneska ikkje har ei sjel, men at menneska er ei sjel. Når ein
døyr, kjem ein ikkje til himmelen eller helvete. Dei som trur, skal
oppstå til eit evig liv på jorda. Dei som ikkje trur, vert
borte for alltid. Dødsriket er ein kvilestad og håpet for
dei døde er oppstoda. Helvete er ikkje ein pinestad, men står
for evig utsletting. Den einaste og viktigaste høgtida er minnet
om Jesu død. Jehovas vitne feirar ikkje jul, nasjonaldagar eller
gebursdagar. Dei er militærnæktarar, og dei deltek ikkje i
det politiske livet. Forbodet mot blodmat i Bibelen gjer at det ikkje er
tillate med blodoverføring.
Menigheta samlast tre gonger i veka i "Rikets sal". Det er trussamfunnet
si "kyrkje", som medlemmane sjølv har bygd.
I dag er det over 60 000 menigheter, og hovudsetet ligg i Brooklyn
i New York. Der finst nærare 40 millionar Jehovas vitne i over 200
land. I Noreg er det om lag 15 000 Jehovas vitne.
Jehovas vitne opplevde mykje førfølging i starten og
av nazistane under 2.verdskrig. Sjølv i dag vert dei forfølgde
i somme afrikanske land.
Mormonkyrkja
Mormonane kallar seg Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage.
I 1823 forkynte Joseph Smith, frå New York i USA, at han hadde fått
ei openberring frå Jesus. Ein engel, Moroni, kom og fortalde at Mormons
bok, skriven på gullplater, låg nedgraven like ved garden der
han budde. Etter at boka var omsett til engelsk, vart gullplatene henta
av sendebodet, Moroni. Smith gav ut boka og grunnla Mormonkyrkja i 1830.
Då Smith ville stille opp som presidentkandidat i USA i 1844, vart
han myrda. Tilhengjarane vart forfylgde, og mange flytte vestover. Ved
Store Saltsjø grunnla dei mormonstaten Utah.
Mormonane reknar seg som dei einaste sanne kristne. Dei har si eiga
utgåve av Bibelen, som saman med Mormons bok og Paktsboka er dei
heilage skriftene. Mormons bok er eit supplement til Bibelen. Mormons bok
fortel om då Jesus besøkte den vestlege verda etter at han
var død og hadde stått opp att. På fleire punkt skil
dei seg sterk frå tradisjonell kristendom. Dei trur at Gud ein gong
var eit menneske som utvikla seg til Gud, og at andre menneske og kan verte
Gudar. Dei trur og at alle menneske har levd hos Gud før dei vart
fødd, og at dei er komen til jorda etter Gud sin plan. Alle menneske
som har levd, vil få eit tilbod om å verte frelst. Medlemma
vert frelst gjennom dåpen. Alle som levde før mormonkyrkja
vart stifta i 1830 kan verte døypt ved stadfortredande dåp.
Det betyr at dei som lever i dag, kan døype seg i navnet åt
slekningar som har levd før, og dermed vert desse frelst. Mormonane
feirar alle dei kristne høgtidene.
For mormonane er det viktig å leve eit godt og reint liv. Røyking,
alkohol, kaffi og te er forbode. Familien er svært viktig for mormonane
og familien vert oppmoda til å ha fast heimekveld der dei diskuterer
tru og oppgåver i familien.
Det er meir enn 5 millionar mormonar i USA, og 5 millionar i resten
av verda. I Noreg er det omlag 5000 mormonar.
Den Sameinte Familie
Sun Myong Moon høyrde til ein kristen familie i Korea. Han var
ingeniør, men byrja tidleg å forkynne kristendom. Han møtte
stor motstand, særleg frå den kommunistiske regjeringa i Nord-Korea.
Dette kom til å prega meiningane hans. Etter kvart kombinerte Moon
idear frå kristendom, anti kommunisme og koreansk folketru til ein
eigen religion, Den Sameinte Familie stifta i 1954.
Målet for menneska er å verte fullkomne. Gud er ein god
Gud som skapte menneska 95% fullkomen. Dei siste 5% må ein syte for
sjølv. Det fullkomne oppnår ein ved å gjere gode gjerningar,
ved å be til Gud og drive misjon for Den Sameinte Familie. Menneska
må gjennom tre stadier for å bli fullkomen, formstadiet,
vekststadiet og fullendingstadiet. Gud sende Jesus for å
hjelpe menneska fram til fullending, men fordi Jesus døydde, var
forsøket mislukka. Moon meinte at Gud ønska at Jesus skulle
gifte seg. Borna hans ville vore fullkomen utan synd. Gud sende ein ny
Messias, Moon. Han har fullenda Guds plan ved å gifte seg med Ha
Ja Hak. Gud openberra læra for Moon i boka "Dei guddommelege prinsipp".
Ekteskapet er viktig i Den Sameinte Familie. Dei som gifter seg, må
ha vore med i rørsla i tre år. Etter denne tida går
dei to gjennom ein seremoni over tre dager før dei kan ta til med
ekteskapet. Dette for å sikre at borna vert fødde utan arvesynd.
Vigsla går føre seg som massebryllaup. I 1995 vigde Moon 36
000 menneske på same tid, under ein felles seremoni. Satidig vart
320000 andre frå heile verda vigde ved hjelp av fjernsynsoverføring
av seremonien.
Her kan du finne meir om Religiøse
rørsler med ror i kristendommen: