Den tibetanske buddhismen
Den
tibetanske buddhismen, eller Vajrayanabuddhismen, byggjer på
mahayana. Den øvste leiaren for denne retninga er Dalai Lama. Han
er ein tulku, ein buddhistisk meister, som av medkjensle har gitt
ein lovnad om å la seg bli fødd på nytt og på
nytt for å hjelpe folk til å oppnå nirvana. Etter tradisjonen
er han inne i sin 14. medvitne reinkarnasjon. I tibetansk buddhisme er
det laga eit sett eller metoda for å oppnå nirvana. Desse kallast
tantra eller vajrayana. Målet er å snu negative
tankar og energi som hat, misunning og hovmot til noko positivt. Ved hjelp
av vajrayanametodar kan ein nå fullkomen oppvakning i løpet
av eitt liv, men det krev full innsats i nært samarbeid med ein lærar.
Zenbuddhismen
Zenbuddhisme
er først og fremst utvikla i Kina, Japan, Vietnam og Korea, men
det er og stor interesse for zen i Europa og USA. Gjennom meditasjon prøver
zenbuddhistane å opne sinnet for ei plutseleg oppvaking eller innsikt.
I zen spelar meditasjon, stille meditasjon, ei svært stor rolle.
For å lære å kople ut logikken og bruke intuisjon arbeider
zenbuddhistane med spørsmål som "kven er eg?" Eit slikt spørsmål
kallast koan. Eit anna døme på ein koan er: Alle kjenner lyden
av to hender som klappa. Men kva er lyden av ei hand som klappa? Zenbuddhismen
legg og vekt på at ein gjennom bogeskyting, fekting, judo, landskapsmåling
og vakker handskrift kan utvikle større åndeleg innsikt. Meditasjon,
fysiske teknikkar og haiku -dikt har stor verdi.
| Døme på haiku-dikt:
Tjuven let etter seg
Frå Alan Watts:Zen-veien
|
Sitje still
Utan gjeremål Våren kjem graset kan vekse sjølv. Frå "Zen - forstand i uforstand" |