Gruppe-oppgåver
til jødedommen
Kort om jødedommen
Ulike
retningar innanfor jødedommen
Finn
svar på på mest mogleg av dei punkta du finn under.
Bruk kreativiteten
og lag ein ryddig og fin plakat som dei andre i klassen kan lesa og læra
noko av.
Bruk overskriftane:
-
OPPHAV/GRUNNLEGGJAR
-
DET
MEST SENTRALE I TRUA
-
RELIGIONEN
I PRAKSIS
-
HEILAGE
SKRIFTER
-
GEOGRAFISK
UTBREIING
-
VÅRE
SPØRSMÅL
Opphav/grunnleggjar
-
Kvar i verda kom jødedommen frå? (land/område)
-
Kva for ein person blir rekna som grunnleggjar av jødedommen, og
når levde han?
-
Kva kan du fortelje om livet til grunnleggjaren?
Trua
-
Kva trur jødane om Gud? ( har dei ein Gud, fleire
gudar, kva for eigenskapar har Gud o.s.b.)
-
Korleis har verda vorte til i følge jødedommen?
-
Kva forestillingar har jødane om livet etter døden?
-
Korleis blir menneska frelste i følge jødedommen?
-
Har jødedommen ei truvedkjenning og i tilfelle korleis er ho? (Dersom
du ikkje finn ei truvedkjenning kan du skrive opp dei viktigaste punkta
i trua deira.)
-
Kva for eit syn har jødane på Jesus?
Religionen i praksis
-
Kva heiter jødane sitt "Guds-hus"?
-
Kva for ein dag i veka er heilag og korleis markerer dei denne dagen?
-
Kva for viktige levereglar har jødedommen?
-
Skriv litt om dei religiøse festane/høgtidene innan jødedommen.
-
Har jødedommen ei by eller stad som dei reknar for heilag? (Fortel
i så fall litt om denne staden, kvifor jødane oppfattar han
som heilag, og kva denne staden betyr for jødane i dag!)
-
Kva for ulike retningar er det innan jødedommen?
Heilage
skrifter
-
Skriv om dei heilage skriftene. (Namn, innhald, språk
, når og av kven dei vart skrive o.s.b.)
-
Kva for andre skrifter er viktig for jødane?
Geografisk
utbreiing verdskart
-
Skriv namn på alle verdsdelane!
-
Fargelegg med grøn farge dei
områda der jødedommen finst i dag!
-
Fargelegg med raud farge det landet/området
jødedommen hadde sitt utspring!
-
Dersom jødedommen har nokon heilag by/stad så merk han med
blå farge!
Skriv
ned 3 - 4 spørsmål om jødedommen som de har lyst til
å finne ut meir om.
Dersom det er mogleg kan
de lage eit intervju med ein jøde i nærmiljøet.
- Kva syn har han/ho på det viktige innan sin religion.
- Kva syn har han/ho på kristendommen og andre religionar.